Gå til hovedinnhold

72 millionar tonn krill i fangstområdet i Antarktis


HI 042686

Om bord på forskingsfartøyet må forskarane sortere krill og fisk kvar for seg, etter kvart trålhal. Krillen skal målast og vegast. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI

Fotograf: Oda Linnea Brekke Iden/HI

Resultatet etter krilltoktet i Antarktis er klart. Dette er den første berekninga av kor mykje krill det er i fiskerisona i Sørishavet på 19 år. 

10. januar i år la Noregs nye forskingsfartøy, isbrytaren «Kronprins Haakon» frå kai i Punta Arenas i Chile.
Reisa gjekk sørover til Antarktis.  

Målet var å undersøke kor mykje krill det er i området av Sørishavet der det føregår kommersielt fiske. 

HI hadde ansvar for det internasjonale toktet, som blei utført av seks fartøy. «Kronprins Haakon» sin del av toktet varte i 46 dagar og dekka eit område på over 4600 nautiske mil – med om lag 70 prøvestasjonar. 

Målte bestanden i fiskeriområdet 

Det vart gjort kontinuerlege ekkoloddmålingar for å berekna mengda krill.  

– Vi tok prøvar i det som blir kalla område 48, det er her krillfisket i hovudsak føregår, fortel toktleiar og HI-forskar Bjørn Krafft. 

No er resultatet klart: forskarane estimerer krillbestanden til å vera på 72 millionar tonn. 

"Kronprins Haakon" utanfor King George Island. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Ein liten, men avgjerande art i Sørishavet 

Antarktisk krill, Euphausia superba, blir ikkje større enn seks centimeter og veg opptil 2 gram. 

Det vesle krepsdyret spelar likevel ei avgjerande rolle i økosystemet i Sørishavet. 

Den er hovudretten på menyen for mellom anna kvalar, selar og sjøfuglar. At det er rikeleg med krill i havet er viktig for at bestandane av større fisk, sjøpattedyr og fuglar held seg solide. 

Endringar i volumet på krillbestanden, eller i korleis krillen fordeler seg i dei store havområda, vil igjen medføre store endringar for alle artar som et det vesle dyret. 

I dag er det hovudsakleg Noreg, Kina, Sør-Korea og Chile som driv fiske etter krill i området. 

På grunn av nøkkelrolla krillen spelar i økosystemet, er det avgjerande at ein ikkje fiskar meir krill enn det som er forsvarleg. 

Berekninga skal no kvalitetssikrast i CCAMLR (sjå faktaboks), og blir ein del av kunnskapsgrunnlaget for kvotesettinga i framtida.  

Gjeldande årleg kvote er på 620.000 tonn og det vert fiska om lag halvparten av dette. 

Første estimat sidan 2000 

Årets tokt blei utført på same tid og med same måte som sist krillen blei målt i stor skala, i 2000. 

Den gongen blei krillbestanden målt til 60,3 millionar tonn. 

– Eit bestandestimat er ikkje eit absolutt tal, men alltid innafor eit slingringsmonn, forklarar Krafft. 

Forskarane veit at krillbestanden svingar noko naturleg – at ein har toppår, skralare år og normalår. 

– Ut ifrå dei årlege tokta vi gjer i mindre område av Sørishavet, ser vi at bestanden svingar frå år til år, og det ser ut til å gå i syklusar på 5–6 år, fortel toktleiaren.

Det blir gjort årlege undersøkingar av krillbestanden i enkelte soner i Sørishavet, men fullskala undersøkingar har altså berre blitt gjort to gonger på nær tjue år. 

Toktleiar Bjørn Krafft i båt utanfor King George Island - den største øya i øygruppa Sør-Shetlandsøyene. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Rikt dyreliv i området 

Under toktet kunne forskarane observere eit rikt mangfald av dyr som er avhengig av krill som mat.  

– På toktet såg vi for eksempel mykje kvalar i området. Vi jobba systematisk med å telje og merke kval undervegs. Vi såg også at det var mange pingvinkyllingar på øyene der vi gjekk i land. 

–  Vi veit også at enkelte kvalartar er i ferd med å ta seg opp i Sørishavet. 

– Vi treng fleire slike tokt  

For å få meir kunnskap om tilstanden til den viktige krillbestanden, meiner toktleiaren at ein treng fleire fullskala undersøkingar.

Særleg viktig er det for å fange opp korleis klimaendringar som varmare hav kan påverke krillen. 

– I dag har vi berre to store målingar å samanlikne. Skal vi kunne forstå endringar i bestanden, må vi hyppigare kartlegge den, seier Krafft. 
 

Fordypning: