Har spora «heimen» til makrellstørjer i Nord-Atlanteren

  • makrellstorje_i_mexicogolfen.jpg

    Makrellstørje i St. Lawrence-bukta.

    Fotograf: National Geographic Image Collection / Alamy Stock Photo (ikke til gjenbruk)
  • orfjord.jpg

    "Orfjord" tok årets første størjefangst utanfor Frøya i august.

    Fotograf: Lars Kåre Kvila / "Orfjord"
  • størjeprøve.png

    Forskarane tar prøver frå fisken på fiskemottak. Dei hentar DNA-prøver frå muskelvev i halerota til fisken.

    Fotograf: Ørjan B. Sørensen / Havforskningsinstituttet

DNA-analysar viser at verdas største tunfisk kryssar havet i utstrekt grad.

Resultata er publiserte i ein ny artikkel der forskarane forsøker å fordele den atlantiske makrellstørja i genetiske bestandar.

Kor kjem størja frå?

– Om sommaren beitar formel-1-fisken over heile nordlege Atlanterhavet med toppfart på 70 kilometer i timen. Den er mildt sagt vanskeleg å halde styr på, seier havforskar Leif Nøttestad.

Forskarane visste frå før at verdas største tunfisk har gyteområde i både Mexicogolfen og i Middelhavet. Men sidan makrellstørja er litt av ein globetrotter, er spørsmålet kor fiskane vi fangar andre stader i Atlanterhavet, har sitt opphav. For eksempel dei vi fangar i Norge.

«Norsk» fisk kjem oftast frå Middelhavet

– Ferske DNA-analyser viser at 83 prosent av størjene fanga i Norge kjem frå Middelhavet, og i tillegg kjem det nokre slengarar frå Mexicogolfen. Om lag 13 prosent kjem frå ukjende gyteområde, seier Nøttestad.

– Dette kan vi seie fordi vi har sikra oss muskelprøver frå så godt som alle makrellstørjene som er landa her dei siste åra. 185 makrellstørjer fanga mellom 2013-2017 er analysert.

DNA-et deira er samanlikna med fisk forskarane er sikre på at gyter på dei kjende gytefelta. Det har tatt å fleire år å bygge opp ein «fasit» frå referanseområda.

– Størja er grenselaus

Kunnskapen om kor fisken kjem frå og kva fisk vi eigentleg fiskar på, kan gi betre rådgiving og forvaltning av makrellstørja. Det kan også hjelpe politikarane å bli einige om kven som «eig» fisken.

I dag er det streka opp ei skiljelinje midt i Atlanterhavet på 45 grader vest. For enkelheits skuld, antar forvaltninga at makrellstørje fanga vest for denne, høyrer til ein vestleg bestand, og motsett med fangstar aust for «grensa».

– DNA-analysane viser at makrellstørja er grenselaus. Den kryssar Atlanteren i utstrekt grad. Særleg i Mexicogolfen er betydelege delar av fangstane eigentleg størje frå Middelhavet, seier Leif Nøttestad.

Gult kakestykke er middelhavsgenar, lilla er fisk frå Mexicogolfen, mens grå har ukjent opphav. Talet er kor mange fisk som har avlagt DNA-test. (Illustrasjon frå den vitskaplege artikkelen)

Delar av fangstane kjem frå heimeområde som endå ikkje er kjende for vitskapen. Dei grå kakestykka i diagrammet, altså.

– Ved hjelp av data frå satellittmerke, ser vi eit mogleg gyteområde utanfor Madeira. Der er det størjer som stoppar mistenkeleg lenge i gyteperioden.

Les også: Sjekk reiseruta til makrellstørja

– Vi veit stadig meir, men verdas største tunfisk har framleis mange hemmelegheiter som vi må finne ut av, avsluttar han.

Referanse

Rodríguez‐Ezpeleta, Naiara, et al. "Determining natal origin for improved management of Atlantic bluefin tuna." Frontiers in Ecology and the Environment (2019).
Lenke: https://doi.org/10.1002/fee.2090