Havstraumane kan frakte lakselusa inn til kysten

lakselus-pa-fisk.jpg
Foto: R. M. Serra Llinares

Skal ein ha oppdrett til havs, må ein ta omsyn til havstraumane. Viss ikkje kan straumane frakte lakselus frå desse anlegga inn til kysten.

Dette kjem tydeleg fram i nye simuleringar der forskarane har sett på kva som skjer med lakselus som kjem frå anlegg som er plassert opp til 30 nautiske mil  ut frå kysten.

  • fig 19.JPG

    Dei svarte punkta på kartet er virtuelle oppdrettsanlegg som slepp ut lus. I dei gule områda er mengda lus per liter vatn så låg at det truleg ikkje har stor negativ effekt.

    Fotograf: Havforskingsinstituttet
  • fig 36.JPG

    Dei svarte punkta på kartet er virtuelle oppdrettsanlegg som slepp ut lus. I dei gule områda er mengda lus per liter vatn så låg at det truleg ikkje har stor negativ effekt.

    Fotograf: Havforskingsinstituttet

— Vi ser at lakselus frå opne anlegg plassert ute til havs, kan smitte både oppdrettsfisk og villfisk langs kysten, seier Bjørn Ådlandsvik som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

— Dersom ein vil ha oppdrettsanlegg i desse områda, er det heilt nødvendig å ta omsyn til straumane for å unngå smitte.

For anlegg plassert mellom 30 og 60 nautiske mil frå land, er situasjonen litt annleis:

— Lakselus som vert slept ut frå anlegg i dette området vil som hovudregel ikkje bli ført inn til kysten, men dei kan likevel smitte fisk i andre havanlegg.

kart smittespredning
Kartet viser kva lokalitetar til havs som har stor eksport av smitte til andre havlokalitetar.

 

kart smittespredning
Kartet viser kor mykje virtuelle havlokalitetar bidrar med lusesmitte til noverande anlegg langs kysten.

 

Plagsam parasitt

Lakselus er ein parasitt som et av laksefisk. Den finst naturleg i våre farvatn, men i lakseanlegg har den særs gode levekår. Derfor har det blitt meir lus dei siste åra, noko som er eit problem for villaks og sjøaure.

Sidan lusa driv med straumane i perioden der dei må finne seg ein vert å leve på, avgjer straumane kvar lusene hamnar.

Sjekkar kor straumen fraktar lusene

På bestilling frå Fiskeridirektoratet har Havforskingsinstituttet gjennomført den omfattande modelleringa for å sjå kor straumane fraktar lakselus frå oppdrettsanlegg som blir plassert ute i havet.

— I modellane kan vi leggje inn virtuelle lokalitetar, altså moglege lokalitetar som ikkje finst i verkelegheita, og sjå kor lus frå desse anlegga vert frakta, forklarar Ådlandsvik.

Etter å ha plassert "anlegga" i modellen, har forskarane tilført utslepp av lakselus på same nivå som frå opne anlegg i fjordane og langs kysten. Deretter har dei sett kor straumen fraktar lusa.

oversikt virtuelle lokalitetar
Dei raude prikkane på kartet er virtuelle oppdrettsanlegg som forskarane har brukt til å modellere kva plasseringar som vil gje mykje lus. Dei 13 områda som kartet er delt inn i er produksjonsområda for oppdrett. Område 1–7 har yttergrense 30 nautiske mil frå land, medan områda 8–13 går ut til 20 nautiske mil. Blå prikkar er godkjende oppdrettslokalitetar (ikkje alle er i drift samtidig).

Lusa vert frakta lengst

— Av ulik smitte frå oppdrettsanlegg er det lakselus som vert frakta lengst med straumen. Frå den klekker frå egga som heng i ein streng frå mora, kan dei drive med straumen i fleire veke før dei er klare til å finne seg ein vert, forklarar han.

Om lusa i løpet av denne vekstperioden vert frakta inn til kysten i same periode som sjøauren er på beitevandring eller når lakseungane sym ut frå elvane på beitevandringa til havet, kan det vere uheldig.

— Då vil dei små lusene feste seg på villfisken og starte på livsfasen som inneber at dei et fiskeskinn, avsluttar Bjørn Ådlandsvik.

Referanse:

Bjørn Ådlandsvik. Havbruk til havs – smittespredning. Rapport fra Havforskningen 2019-58