Sjøaure har naudløysing mot lus — men mange døyr likevel

Sjoorret foto Rune Nilsen.jpg

Ein ca. 20 cm stor sjøaure kort tid etter første utvandring frå elv. Sjøen er rik på næring og kan gje rask vekst gjennom sommaren, men mange farar truar i det nye leveområdet.

Fotograf: Rune Nilsen / Havforskningsinstituttet

Risikoen for at ein ung sjøaure døyr, stig om han får lakselus. Dette har lenge vore kjent frå laboratorieforsøk, no har forskarar frå Havforskingsinstituttet vist at dette også skjer i naturen.

— I forsøket vårt var risikoen for at sjøauren skulle døy nesten tre gongar høgare når vi samanlikna fisk med og utan lus, seier Rosa Maria Serra-Llinares.

I tillegg såg forskarane at sjøaure med lus returnerte altfor tidleg til ferskvatn. Der er tilgangen på mat lågare enn i sjøen, noko som igjen kan påverke veksten.

— Flukta tilbake til ferskvatn kan gå ut over den forventa høge veksten som fisken har under beitevandringa i sjøen. Det kan igjen påverke både kjønnsmodning og reproduksjon, seier Rosa Maria Serra-Llinares som held på med ei doktoravhandling om sjøaure og lakselus.

Sjøauren har naudløysing

Sidan sjøaure oppheld seg i fjordane eller langs kysten under heile beitevandringa, er dei spesielt utsette for å få lakselus. Talet på smittsame luselarvar varierer gjennom året. Det er ofte færrast lus seint på vinteren når temperaturen i vatnet er låg, deretter aukar talet utover sommaren. Det er i denne perioden sjøauren beiter i fjordane.

— Frå forsøk i laboratorium veit vi at sjøaure med mykje lus kan få så store skadar at dei døyr, men fram til no har vi ikkje visst i kva grad dette òg skjer i naturen, seier Serra-Llinares.

I naturen har fisken fleire utfordringar enn laboratoriefisk: han må bruke krefter på til dømes å finne mat og flykte frå predatorar. Men han har også ein utveg som ikkje lab-fisken har: han kan symje tilbake til ferskvatn der lusene etter kvart vil døy.

— No har vi vist at sjølv om sjøauren har ei naudløysing, så er den ikkje berre positiv. Sjølv om dei sym tilbake til ferskvatn, vil ein del av fisken døy uansett. Dei som klarar seg, går glipp av gevinsten frå beitevandringa, som er god vekst, seier ho.

Beitevandringa er viktig for veksten

Kvar vår sym sjøauren frå vinteropphaldet i ferskvatn og ut i sjøen på beitevandring. Her er det rikeleg med mat, og fisken oppheld seg i fjordane eller langs kysten i tre til ti månader. Men om sjøauren får lakselus, kan beitevandringa brått bli mykje kortare:

— I forsøket vårt returnerte sjøauren med lus til ferskvatn etter berre tre veker.

Forsøket vart gjort med ung fisk som skulle på si første beitevandring. Forskarane smitta ei gruppe med 65 lus i gjennomsnitt på kvar fisk, og hadde ei kontrollgruppe utan lus. Fisken si åtferd vart spora med akustiske sendarar.

Etter at sjøauren var fanga, blei den målt og fekk operert inn ein akustisk sendar slik at forskarane kunne følgje med på kvar den var. På biletet opererer Kristine Elvik (venstre) og Rosa Maria Serra-Llinares ein bedøvd sjøaure. Foto: Rune Nilsen / Havforskningsinstituttet

Blir verande i ferskvatn etter avbroten beitevandring

— Etter returen til ferskvatn vart dei fleste sjøaurane verande der, trass i dårlegare tilgang på mat. Resultatet er at fisken går glipp av nær all vekst sidan han har forlate matfatet i fjorden for tidleg, seier Serra-Llinares.

Akkurat kor mykje for tidleg fisken sym tilbake, vil vere påverka av både kor lenge han har vore i sjøvatn før han får lus og kor mykje lus han får på seg.

— Dersom sjøtemperaturen er 12-13 °C, vil dei knøttsmå lusene som festar seg til sjøauren, bli store nok til å gjere skade i løpet av tre veker. Skadane tvingar fisken tilbake til ferskvatn, og om han blir verande lenge nok, vil lusene etter kvart døy sidan dei ikkje toler ferskvatn.

I tillegg viser resultata at fisken som hadde fått lus fekk eit anna symjemønster i fjorden enn kontrollgruppa.

— Vi såg at den luseinfiserte fisken ofte var nær elvemunningane og svømte over mindre område enn fisk utan lus. Også denne fisken har dårlegare tilgang på mat slik at også dette valet vil føre til redusert vekst, fortel Serra-Llinares.

Lus kan ha effekt på sjøauren sitt livsløp

— Fisken frå kontrollgruppa, som var utan lus, oppheldt seg i fjorden i omtrent tre månader. Det betyr at fisken vi hadde smitta med lus mista 80 % av tida han burde vore på beitevandring, seier Serra-Llinares.

Ho fryktar at dette kan ha store bestandseffektar på sjøauren:

—  Det er viktig at det blir gjort forsøk for å avklare om tapt vekst på grunn av lakselus kan ha betydning for evna til å legge egg, eller overleving gjennom vinteren, avsluttar Rosa Maria Serra -Llinares.

Referansar:

Serra-Llinares RM, Freitas C, Nilsen R, Elvik KMS, Albretsen J, Bøhn T, Karlsen Ø, Bjørn PA (2018). Towards direct evidence of the effects of salmon lice (Lepeophtheirus salmonis Krøyer) on sea trout (Salmo trutta L.) in their natural habitat: proof of concept for a new combination of methods. Environmental biology of fishes 101 (12): 1677—1692. doi.org/10.1007/s10641-018-0816-1

Serra-Llinares RM, Bøhn T, Karlsen Ø, Nilsen R, Freitas C, Albretsen J, Haraldstad T, Thorstad EB, Elvik KMS, Bjørn PA (2020). Impacts of salmon lice on mortality, marine migration distance and premature return in sea trout. Marine Ecology Progress Series 635:151-168. doi.org/10.3354/meps13199