Gå til hovedinnhold

Slik kan havet gi fleire jobbar, meir mat og betre miljø

  • hummerfiske-tvedestrand.jpg

    Hummarfiske er viktig for mange på sør- og vestlandskysten. Her har område med freding resultert i større mangfald i storleik og alder i hummarbestanden. Eit lite eksempel på at vern og bruk av havet kan sjåast i samanheng.

    Fotograf: Espen Bierud / HI
  • Sissel Rogne_Peter Haugan.jpg

    – Det er veldig viktig å skapa forståing for at mange av havets problem startar på land, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne om rapporten. Peter Haugan til venstre.

    Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

12 millionar nye jobbar, seks gonger meir mat og ein femdel av alle nødvendige klimakutt. Det er noko av det ein ny, berekraftig havøkonomi kan bidra med, ifølgje ein ny rapport frå Havpanelet. 

– Det skal ikkje vera nokon motsetning mellom vern av havmiljøet og produksjon frå havet. Ved å ta vare på økosystemfunksjonar, så kan vi faktisk hauste meir frå havet enn i dag, så lenge ein gjer det på riktig måte, seier forskingssjef Peter M. Haugan ved Havforskingsinstituttet.

Haugan er ein av forfattarane av rapporten «Ocean Solutions That Benefit People, Nature and the Economy». Torsdag deltar han på lanseringa med blant andre statsminister Erna Solberg, som har bestilt rapporten saman med 13 kollegaer i det internasjonale Havpanelet (sjå faktaboks).

Les meir om rapporten og lanseringa på regjeringa sine nettsider.

Mykje å vinne med ny havøkonomi

Målet med Havpanelet har vore å skape ein berekraftig havøkonomi. Rapporten peikar kva som skal til for å lykkast med visjonen – og kva det kan gi av gevinstar for planeten.

På engelsk skriv forskarane om tre P-ar: «produce sustainably», «protect effectively», og «prosper equitably». På norsk går det kanskje an å snakka om tre V-ar: verksemd, vern og rettferdig velstand.

Ambisjonar som lett blir sett som motstridande, men som forskarane meiner må sjåast i samanheng. Rapporten peikar store potensielle gevinstar fram mot 2050:

  • Seks gonger meir mat frå havet gjennom effektivt fiskeri og berekraftig oppdrett.
  • Førti gonger meir fornybar energi, det meste frå havvind, men også bølgje- og tidevasskraft.
  • 12 millionar fleire jobbar i marine næringar innan 2030, dei fleste i utviklingsland.
  • Investeringar i havøkonomien kan gi ei avkasting 15,5 billionar dollar.
  • Havet kan bidra med 21 prosent av reduksjonane i klimagassutslepp som trengst for å nå klimamålet på 1,5 grader.
  • Vern av 30 prosent av havet vil bidra til å gjenoppbygge verdifulle habitat og økosystem.

Krev global handling

Men ingen av resultata kjem av seg sjølv.

– Rapporten kjem med fem hovudanbefalingar. Det første er å ha ein kunnskapsbasert politikk, som byggjer på gode data frå havet, forklarer Peter Haugan.

Globale nettverk av data og utstyr for havobservasjon er viktige brikker i dette.

– Det andre er at alle land skal lage heilskaplege planar for bruk og vern av alle sine havområde. Altså 100 prosent, legg Haugan til.

Akvakultur gir store moglegheiter for ny, miljøvenleg matproduksjon globalt, om ein forvaltar havet rett. Her frå Steine i Lofoten. Foto: Liv Eva Kirkesæther

Som ein del av ein global handlingsplan vil landa som deltar i Havpanelet forplikte seg til dette, og oppfordre andre havnasjonar om å følgje etter.

Noreg blir ofte sett som eit føregangsland innan kunnskapsbasert og heilskapleg havforvalting, og bidrar også med å støtte slik forvalting internasjonalt gjennom utviklingspolitikken. Ifølgje Haugan har vi likevel eit stykke igjen, blant anna når det gjeld kystsona. Han meiner forvalting handlar om å legge til rette både for vern og bruk av havet.

– Å beskytte ein bestand kan til dømes vere positivt for fiskeria, fordi det gir større hausting seinare, seier han.

Sunt hav for ein sunn økonomi post-korona

Ei tredje hovudanbefaling frå forskarane er å stansa forureininga av havet frå land. Her trengst radikale grep; ifølgje rapporten vil ein til dømes berre redusera plastforureininga med 7 prosent innan 2040 med dagens forpliktingar.

Dei to siste hovudanbefalingane handlar om å få økonomien til å gå opp: å redusera risikoen i nødvendige framtidsretta investeringar, og å endra korleis ein fører statistikk og rekneskap for å synleggjera havet sin reelle verdi for oss.

Kort sagt handlar det om å forstå at eit sunt hav støttar ein sunn økonomi. Eit eksempel som blir trekt fram er frå eit kystsamfunn i Kenya, der innbyggjarane får betalt for å ta vare på mangroveskogen i staden for å byggje han ned gjennom sal av CO2-kvoter. Mangroveskog er eit viktig karbonlager og leveområde, og ifølgje rapporten gir ein dollar investert i mangroveskog tre dollars gevinst tilbake.

Mangroveskog er eit kritisk viktig naturtype som må beskyttast, meiner forskarane. Foto: Timothy K / Unsplash

Eit anna eksempel er Zeeds-prosjektet, som skisserer eit nettverk av knutepunkt for produksjon og forsyning av grøn energi til skip i Nordsjøen.

Peter Haugan og medforfattarane peikar på fleire slike initiativ som kan skalerast opp og byggjast ut. I denne samanhengen kan korona-krisa gi moglegheiter for omstilling.

– Under pandemien har den økonomiske aktiviteten gått ned. Når den skal byggast opp igjen, kan vi ikkje gå tilbake til den miljø-øydelegginga vi hadde før. Vi må nytte sjansen til å beskytte og gjenoppbygge økosystem langs kysten og i havet, investere i infrastruktur for kloakk og avfallshandtering og i miljøvenleg teknologi for skipsfart og industri, seier Haugan.

Eit nytt narrativ

Eit overordna mål med rapporten er å endre forteljinga om havet. I staden for å sjå havet som eit stort svart hol eller berre eit offer, må vi sjå havet som ein del av verda som vi kan og må forvalte for å løyse dei store utfordringane våre framover.

– Vi har lenge tenkt at havet er så stort at det toler alt mogleg av menneskeleg påverknad. Det veit vi no at det ikkje er; havet er ikkje for stort til at det kan øydeleggast. Samtidig er det heller ikkje for stort til at det kan fiksast: det går an å løyse problema, viss vi tar dei rette grepa, seier Peter Haugan.

– Det som er sikkert, er at havet er for stort til at det kan ignorerast. Havet er så viktig for heile planeten at vi må sørge for at det går bra med det, understrekar han.

Havforskingsdirektør Sissel Rogne er glad for at havpanelet er opptatt av forskingsbasert kunnskap. Her saman med Peter Haugan som har bidratt til kunnskapen. Foto: Christine Fagerbakke / HI

Mange av problema startar på land

Havforskingsdirektør Sissel Rogne er nøgd med at rapporten trekkjer fram både det vi skal gjera meir av og det som vi ikkje bør gjera.

 –  Det er ikkje mogleg å få til berekraftig sameksistens mellom absolutt alle havnæringar – korkje langt mot nord eller i fjordane våre. Då må det takast politiske val. I det ligg det ikkje berre ei vurdering av at noko kan gå gale her og no – men også den langsiktige risikoen – og kven som skal betala for den.

Ho minner om at det er krevjande og ikkje alltid mogleg å restaurera økosystem som er skada på grunn av gruvedrift og oljeuhell, eller å byggja opp att fiskebestandar som er fiska ned.

– Naturen kjem ikkje alltid tilbake sjølv om vi gjer vårt beste – vi risikerer varige endringar i økosystema. Så det er vesentleg å ha fokus på konsekvensane av dei vala vi tar – ikkje minst i eit generasjonsperspektiv, seier Sissel Rogne.  

Havforskingsdirektøren er glad for at havpanelet er opptatt av forskingsbasert kunnskap, og har også merka seg anbefalinga om å stoppa forureining frå land.

– Det er veldig viktig å skapa forståing for at mange av havets problem startar på land.

Referanse

Stuchtey, M., Vincent, A., Merkl, A., Bucher, M. et al. (2020). «Ocean Solutions That Benefit People, Nature and the Economy». World Resources Institute. Lenke: www.oceanpanel.org/ocean-solutions.