Gå til hovedinnhold

Rapport: Vil ha havet på internett


HI 047131

Oseanograf Mari Myksvoll jobbar mest med berekraftig akvakultur og økosystem i havet. No er ho medforfattar av ein ny rapport om data og teknologi.

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

Automatiske meldingar om fiskeri og havstraumar kan bli like sjølvsagde som vêrmeldinga. Det håpar forskarane bak ein ny rapport om framtidas digitaliserte hav.

– Ute i atmosfæren har vi så mykje målingar at vi får vêrmeldingar i sanntid. Så langt har det ikkje vore mogleg å få til noko liknande for havet, seier havforskar Mari Myksvoll.

Nye duppedingsar og datasystem kan raskt endra på dette, meiner ho og resten av forfattarane bak den nye rapporten som vart lansert i Davos i dag. 

Rapporten, ein av 16 «Blue Papers» bestilt av Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi (sjå faktaboks), viser korleis trendar som stordata, kunstig intelligens og «internett av ting» tar havet med storm – og korleis dei kan brukast til å betre havforvaltinga.

Eit hav av data

Myksvoll peikar på at utviklinga av teknologi som sender data direkte over internett går veldig fort. Gjennom NorArgo-prosjektet bidrar for eksempel Havforskingsinstituttet til eit globalt nettverk av observasjonsbøyer i havet som kommuniserer via satellitt. 

Dei knallgule, sigarforma Argo-bøyene sender fortløpande frå seg informasjon om tilstanden i havet – som lys, lyd, trykk, temperatur og saltnivå. Du kan følgje det interaktive kartet på prosjektsida.

Forskar Kjell Arne Mork og havforskingsdirektør Sissel Rogne med Argo-observasjonsbøyen, etter at prosjektet fekk midlar frå dåverande næringsminister Monica Mæland (til venstre). Foto: Erlend A. Lorentzen / HI

– Den nye teknologien gjer at vi får tilgang på veldig mykje data frå havet på éin gong. Spørsmålet er korleis vi kan bruke dei til å sikre ein berekraftig bruk av ressursane i havet, seier ho, og peikar sjølv på nokre svar:

– For det første må alle land i verda gå saman for å dele data. Så krev det også store databasar og kunstig intelligente system som kan finne mønster i dataa, for datamengda er for stor for kvar enkelt forskar. Då kan du i neste steg lage system for å overvake havet og gi råd basert på sanntidsdata.

Frie data for betre kunnskap

Som oseanograf ved HI har Myksvoll blant anna jobba med data og modellar som grunnlag for berekraftig akvakultur. Det opne lakseluskartet, som byggjer på data frå HI, oppdrettarane og Meteorologisk institutt, er døme på deling og bruk av data som ho og resten av rapportforfattarane vil sjå meir av.

– Dette er eit område der Noreg og HI er langt framme, og det kan bli ein eksportvare for oss, seier Myksvoll, og held fram:

– Ikkje alle land og organisasjonar har den same kulturen for openheit og deling, men vi må få fram at forskinga tener på at data er frie: Viss alle sit på sine eigne data, hindrar det vitskaplege framsteg.

Sjå film: Havforskar Sindre Vatnehol forklarer korleis autonome farkostar endrar havforskinga

Referanse

Leape, Jim, Abbott, Mark, Sakaguchi, Hide et al. 2020. «Technology, data and new models for sustainably managing ocean resources». High Level Panel for A Sustainable Ocean Economy Blue Paper series.  Lenke til rapporten.