Gå til hovedinnhold

Heilskapleg havforvalting nødvendig for å møte klimaendringar


HI 047631

Forskarar på seismikktokt i Bakkasundet i Austevoll. Illustrasjonsfoto.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Klimaendringane i havet viser behovet for ei integrert havforvalting, ifølgje ein internasjonal rapport, der Noreg blir trekt fram som eit føredøme. 

Me er avhengige av havet for å dekka dei aukande behova våre for mat, energi og transport. Samstundes er havmiljøet under press frå klimaendringar, overutnytting, forureining og tap av biologisk mangfald. Difor er det no naudsynt å forvalta havet i ein heilskap, og ikkje stykkevis og delt.

Dette er hovudbodskapen i ein ny rapport som vert lansert av det internasjonale Havpanelet onsdag (sjå faktaboks).

Les heile rapporten og følg lanseringsseminaret her. Det blir også ei eiga norsk lansering 26. mai.

«Look to Norway»

Forvaltningsplanane for norske havområde er eit av døma på heilskapleg havforvalting som blir trekt fram i rapporten.

Noreg har sidan 2006 laga heilskaplege forvaltingsplanar for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen/Skagerrak. Her bidrar Havforskingsinstituttet og andre fagmiljø både med å gi råd og kunnskap til politikarane, og med å overvaka havområda undervegs.

I tillegg er ulike næringsinteresser og frivillige organisasjonar representerte i arbeidet med forvaltingsplanane.

– Den norske modellen gir ein god balanse mellom effektiv forvaltning av dei enkelte havnæringane og ivaretaking av hensyn til heilskapen, seier Alf Håkon Hoel, forskar ved Havforskingsinstituttet og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

Han er medforfattar på rapporten, saman med blant andre Jan-Gunnar Winther ved Norsk polarinstitutt og Senter for hav og Arktis, som er ein av hovudforfattarane.

Klima er ei hovudutfordring

Nettopp samarbeid mellom ulike fagmiljø og involvering av interessentar er nokre av nøklane til å lykkast med integrert havforvalting, ifølgje rapporten.

Andre døme som blir gjennomgått er frå USA, Kina, Koralltriangelet i Søraust-Asia og Seychellane. Ein av lærdomane er at klimaendringar utgjer ei større og større utfordring for havforvaltinga – både i arktiske, tropiske og tempererte havområde.

Klimaendringar påverkar økosystemet og kan føra til at statiske verneplanar og reguleringar brått blir utdaterte. Det viser behovet for ei havforvalting som er dynamisk og tar omsyn til både sårbarheit og klimabelastning for ulike sektorar samla.

Viktigast i utviklingsland

Noreg sin kompetanse innan forvalting blir i aukande grad sett som ein viktig «eksportartikkel».

– Heilskapleg havforvalting er kanskje aller viktigast å få til i utviklingsland, seier Peter Haugan, forskingssjef ved Havforskingsinstituttet og ein av leiarane i ekspertgruppa til Havpanelet.

– Berekraftig næringsverksemd bør ikkje berre leggast til den mest utvikla delen av verda. Pålitelege forvaltingssystemer er ein føresetnad for investeringar, samtidig som det må stillast strenge miljøkrav også i u-land, seier Haugan.

Referanse

Jan-Gunnar Winther, Minhan Dai et al. (2020). Integrated Ocean Management. HLP Blue Paper 14. Lenke: www.oceanpanel.org/blue-papers/integrated-ocean-management