Gå til hovedinnhold

– Mange fordelar med dronar i havforskinga


HI 043020

Små, automatiserte havforskingsrobotar utan støy og utslepp kan gi ny og betre kunnskap om kvar fiskebestandane går og korleis dei utviklar seg.

– Sjølvgåande fartøy med ekkolodd har mange fordelar: Dei treng ikkje mannskap, dei lagar ikkje støy, og dei har ingen utslepp. Dei kan også måle nærare overflata, truleg utan å skremme bort fisken i like stor grad som større fartøy, seier havforskar Sindre Vatnehol.

Han er van med å dra ut på tokt med store forskingsfartøy for å måla bestandar av sild, tobis og andre fisk. Samstundes ser han potensialet for at ny teknologi kan endra måtane havforskarar samlar kunnskap på i framtida.

Eksperimenterer med segldronar

I 2019 sende Havforskingsinstituttet to amerikanske segldronar på tokt i Nordsjøen i 120 dagar. Dei gjekk av seg sjølv med vind- og solkraft, og gjorde målingar med ekkolodd og andre måleinstrument.

Forskarane held no på og analyserer data frå toktet og samanliknar med data frå tradisjonelle tokt som vart gjort i same område og periode. Dei er ikkje ferdige med arbeidet, men dei førebelse resultata er lovande: Segldronane har blant anna observert stimar av tobis som går nærare havoverflata enn det ein kan sjå med ekkolodd frå vanlege fartøy.

Les også: Vil ha havet på internett

Erstattar ikkje tokt

– Dronar kan ikkje erstatte dei vanlege tokta våre. Lyd kan for eksempel ikkje seie om fisken er ung eller gammal, og derfor må vi ut og fiske for å ta prøvar av det vi ser. Derimot kan dei bli viktige supplement som gir oss meir og betre kunnskap om kor fisken er og korleis han oppfører seg, seier Vatnehol.

Sjå filmen her: