Labforsøk: Små dosar av lusemiddelet over tid var dødeleg for strandrekene

Strandreke.jpg

(Arkivfoto: Erling Svensen / HI)

Tilsvarande mengder teflubenzuron er dokumentert i ville skaldyr nær oppdrettsanlegg.

Oppdrettslaks kan få lusemiddelet teflubenzuron tilsett i fôret for å bli kvitt lakselus. (NB: Forbruket av teflubenzuron har gått kraftig ned sidan forsøka som er beskrivne her blei gjort - sjå faktaboks.)

Stoffet hamnar også på havbotnen gjennom spillfôr og lakseskit. Der kan andre dyr, som reker, få det i seg over tid.

Det har forskarane dokumentert tidlegare. No ville dei sjå kor mykje eller lite av stoffet som var farleg for strandreker – ein av dei vanlegaste rekeartane langs kysten.

Blei fôra med opptil 19 prosent av laksedose

Seks grupper villfanga strandreker fekk derfor fôr med ulike mengder teflubenzuron i opptil 66 dagar i laboratoriet. Mange døydde før den tid.

– Den kraftigaste dosen var like under 19 prosent av det laksen får kvar dag under behandling, seier havforskar Ole B. Samuelsen.

Denne dosen tok livet av alle forsøksdyra.

Dosen som tok livet av halvparten av strandrekene, berekna forskarane til å vere 100 gonger svakare enn dagsdosen for laks. Dette er eit standardmål for kor giftig eit stoff er som forskarane kallar LC50.

Fann tilsvarande i ville dyr

Forsøka er gjort i laboratorium og seier først og fremst noko om kva som skjer dersom strandreker får i seg teflubenzuron. Forskarane veit at andre krepsdyr har fått i seg stoffet frå havbotnen, men dei har ikkje vist det for strandreker.

– Resultata viser at stoffet er giftig sjølv i svært små mengder. Tidlegare har vi dokumentert tilsvarande mengder teflubenzuron som  LC50-dosen i djupvannsreker og sjøkreps inntil 300 meter frå oppdrettsanlegg. Sjølv åtte månadar etter lusebehandling, seier Samuelsen.

Like etter behandling fann dei sjøkreps og djuphavsreker med endå høgare nivå av teflubenzuron.

Ville reker kan få i seg dødelege dosar

– Forskinga vår viser altså at strandreker som lever i nærleiken av anlegg som behandlar med teflubenzuron, står i fare for å få i seg dødelege dosar over lengre tid, seier Samuelsen.

Forskarane jobbar med tilsvarande forsøk også for sjøkreps, hummaryngel og djupvannsreker. Dei vil finne ut om det er skilnad mellom artane på kor mykje dei toler.

Dei ser også på andre effektar enn dødelegheit, slik som misformingar i skalet og endra åtferd.

For eksempel har dei vist før at hummaryngel fekk stive ledd og blei dårlegare til å finne skjul etter å ha overlevd små dosar teflubenzuron. (Les også: Lusemiddel hindra hummaryngel i å skjule seg)

– Vi kunne sjå dei same problema med stive ledd hos strandrekene, men åtferda til strandrekene var ikkje noko vi målte i denne studien, seier han.

Referanse

Samuelsen, Ole B., Aoife E. Parsons, Ann-Lisbeth Agnalt, Tore Tjensvoll, Bjørn T. Lunestad, og Rita Hannisdal. "Mortality in the rockpool shrimp Palaemon elegans following long-term exposure to low doses of the anti-parasitic drug teflubenzuron." Aquaculture Environment Interactions 12 (2020): 23-29. Lenke: https://doi.org/10.3354/aei00343