Satellittmerkte laksar kjem heim til Etneelva

Eva.jpg

Her har "Eva" vore innom laksefella i Etneelva for å avlegge sine kroppsmål hos teknikar Paulas Petrauskas, før ho får svømme vidare opp i elva.

Fotograf: Per Tommy Fjeldheim / HI

Laksen «Eva» drog til Grønland for å ete seg feit. No har ho kome heim, og feit er ho blitt!

Vi har tidlegare fortalt at forskarane festa satellittmerke på 16 villaksar som vandra ut frå Etneelva i fjor vår. Dei freste forbi Shetland og beita i havet mellom Grønland, Island og Jan Mayen.

Les også: Sjekk villaksen sin ville tur i havet!

To er heime frå langtur – med dobbel vekt

No har to laksar, «Sofie» og «Eva», kome heim til Etneelva for å gyte igjen. Begge var blant fiskane som drog lengst ut i havet.

Då vi merkte «Eva», vog ho 4,8 kilo. Ho var innom laksefella vår i Etne denne veka på veg opp igjen. Då vog ho heile 8,5 kilo. Og det trass i at ho har svømt ein berekna distanse på 4528 kilometer! 

«Sofie» har lagt på seg frå 3,75 til 5,82 kilo, og har svømt ein berekna distanse på 4812 kilometer.

Har truleg gassa seg i lodde

– Det er veldig kjekt å sjå dei i så fin kondisjon. Vi ser frå merka at dei har halde seg nord for Island, truleg for å beite på lodde gjennom vinteren, seier forskar Vidar Wennevik.

I havområdet der dei har halde seg, er lodda ein naturleg byttefisk.

– To av seksten laksar kan også bety høg overleving i sjøen. Sesongen er ung, og vi veit at særleg holaksane fint kan ta to år i sjøen mellom kvar gyting. Kven veit, kanskje kjem fleire heim, seier han.

Sjå reiserutene til Eva og Sofie:

Pop-up-merket heng på laksen ei stund, før det slepper taket og flyter opp til overflata. Då sender merket data om trykk, lys og temperatur til forskarane, via satellitt. Då kan forskarane berekne reiseruta. (Figur: John Strøm / UiT)