Gå til hovedinnhold

Kvoteråd for reker i sør: Eit lyspunkt i 2018-årsklassen


Djupvannsreke

Djupvannsreka har ein levealder på rundt ti år i Barentshavet, men berre tre til fem år i sør.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Det endelege kvoterådet for reker i Skagerrak og Norskerenna for 2020 er på 8 736 tonn, ein oppgang frå lågpunktet i fjor.

I fjor berekna forskarane at rekebestanden var låg, nesten på nivå med sitt historiske lågpunkt. Kvoterådet frå det internasjonale havforskingsrådet ICES blei deretter.

– No er det 2018-årsklassen som dominerer fangstane og løftar bestanden. Denne årsklassen er relativt god – med trykk på relativt, seier Guldborg Søvik, bestandsansvarleg for djupvannsreke.

Rekebestanden i sør er framleis under den definerte føre-var-grensa. Då blir kvoterådet meir konservativt, og altså på 8 736 tonn i 2020. (Les også: Slik blir et kvoteråd til)

Bestanden svingar med sterke og svake årsklassar

Djupvannsreka lever kort i sør – derfor kan bestanden svinge betydeleg frå år til år.

– Rekene vi ser som eittåringar på toktet vårt i januar, får betydning for fiskeriet allereie same år. På hausten er dei store nok til å inngå i fangstane, forklarar Søvik.

2018-årsklassen er midt på treet, men den beste sidan 2013 – det var den førre verkeleg gode årsklassen. 2019 ser igjen ut til å ha vore eit dårleg år for reka i sør.

Kritisk den første tida

Det er ikkje mengda egg som er problemet, men rekelarvane si overleving. 

– Det var ein elendig bestand som gav opphav til den kraftige 2013-årsklassen. Det kan handle om temperatur og mattilgang for larvane dei første, kritiske månadane, seier Søvik.

– Kvifor slit rekene i sør såpass mykje, når det går godt med den same arten i Barentshavet?

– Det er vidt forskjellige levevilkår i dei to havområda. Skagerrak er den sørlege grensa for arten. Når havtemperaturen stig, vil det kunne påverke reka si utbreiing, seier ho.

I Barentshavet har rekene ein levealder på rundt ti år, mens rekene i sør blir tre til fem år gamle.

Kvoterådet blei lågare enn antatt

Samtidig med det endelege kvoterådet for inneverande år, gir forskarane eit førebels kvoteråd for kommande år.

For 2020 var det førebelse rådet 12 439 tonn, men det endelege rådet enda altså opp på 8 736 tonn.

– At kvoterådet blei såpass mykje lågare, skuldast at det blei fiska meir i 2019 enn vi hadde rekna med. I hovudsak fordi ubrukt kvote frå 2018 blei overført til 2019, seier Søvik.

Ny forvaltningsplan i kraft

Myndigheitene i Norge og EU har vedtatt ein ny forvaltningsplan for djupvannsreka i sør. Den seier blant anna at når bestanden ligg under føre-var-nivå, skal det ikkje lenger gå an å ta med ubrukt kvote frå eitt år til det neste, eller å låne kvote frå framtidige år (banking/borrowing).

– Når vi veit omtrent kor mykje som kjem til å bli fiska, altså kvoten, blir vi også meir treffsikre når vi anslår bestanden fram i tid, fortset Søvik.

– Det førebelse rådet for 2021, er 8 753 tonn dersom det blir fiska 8 736 tonn i år.

Referanse med lenke til kvoterådet frå ICES

ICES. 2020. Northern shrimp (Pandalus borealis) in divisions 3.a and 4.a East (Skagerrak and Kattegat and northern North Sea in the Norwegian Deep). In Report of the ICES Advisory Committee, 2020. ICES Advice 2020, pra.27.3a4a,
LENKE: http://www.ices.dk/sites/pub/Publication%20Reports/Advice/2020/2020/pra.27.3a4a-3.pdf