Gå til hovedinnhold

Her skyt forskarane seismikk på gytande torsk

Vil sjå om dei vårkåte fiskane lar seg forstyrre.

Frå før har forskarane operert inn akustiske sendarar i over 150 torsk i Austevoll. Eit nettverk av lyttebøyer registrerer rørslene deira. No skrur dei på bråket.

– I fjor overvaka vi torskane sin naturlege svømmeåtferd i gytetida. I år og neste år skyter vi seismikk i same område for å sjå korleis dei reagerer, seier havforskar Tonje Nesse Forland.

Får hjelp til å bråke av Forsvarets forskingsinstitutt

Ho er om bord på forskingsfartøyet «H.U. Sverdrup II», eigd av Forsvarets forskingsinstitutt. FFI er partnar i SpawnSeis-prosjektet. Dei stiller med både båt og luftkanonar.

– Vi forskar mykje på korleis støy påverkar dyr i havet. Sonarane som forsvaret brukar til å lytte etter ubåtar, er ei kjelde til støy som har likskapar med seismikk, seier FFI-sjefsforskar Petter Kvadsheim.

«H.U. Sverdrup II» går rundt og rundt i det forskarane kallar ein veddeløpsbane. Visse rundar skyter dei seismikk, og andre rundar ikkje. Her toktleiar Petter Kvadsheim frå FFI.

Torsken er pratsam

Ubåtsonarane har høgare frekvens og er primært til bry for sjøpattedyr. Men denne gongen handlar det om fisk og seismikk.

– Havforskingsinstituttet rår generelt mot seismikkskyting der viktige fiskebestandar gyter. No samlar vi inn kunnskap som kan støtte opp under dette, forklarar Nesse Forland.

Særleg torsken er kjent for å vere ein taletrengd fisk som brukar grynt og stønn til å finne rett partnar, og til å koordinere sjølve gyteakta.

Havforskar Tonje Nesse Forland (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Sexen kan bli klønete

Akta består nemleg av finstemt svømming buk mot buk, før fiskane slepper egg og mjølke til nøye avtalt tid.

– Vi ser føre oss tre moglege utfall her: Torskane blir redde og stikk av. Dei blir overdøyvde og sexen klønete, sånn at færre egg blir befrukta. Eller ingenting unormalt skjer, forklarar Tonje Nesse Forland.

To «brusflasker» smeller frå seg

– Har de armert kanonane? No får fienden passe seg, seier maskinist Rune Haukås ironisk.

Seismikk-kanonane er nemleg skuffande puslete av utsjånad. To brusflaskeaktige sylindrar slepper ut 1,3 liter komprimert luft kvart tiande sekund.

Sjefsforskar Petter Kvadsheim og matros Kenneth Neergård sjøset seismikkanonane. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Luftkanonane utgjer ei nedskalert utgåve av utstyret oljeselskapa undersøker havbotnen med. Men så skyt også forskarane rett mot bukta der torskane gyter.

– Sjølv om vi ikkje høyrer det godt over vatn, resulterer luftpulsane i kraftige smell under vatn, seier Tonje Nesse Forland.

Sjekkar akustikken i Bakkasundet

Lydnivået blir påverka av forhold i sjøen og sjølve havbotnen. For å måle nøyaktig kva lyd fiskane blir eksponert for, har forskarane også sett ut ei eiga bøye som dei får lydmåling frå i sanntid.

Neste år gjentar dei seismikkskytinga i same område, før dei samanliknar resultata. 

Slik kan torskane sjå ut på kartet, her utan forstyrring:

40 torskar i 40 fargenyansar – og posisjonane deira i februar og mars 2019. (Illustrasjon: Daniel Nyqvist / HI)