"Kaja" har mogleg verdsrekord i laksegyting

Kaja.png

Dette er det einaste bildet vi har av «Kaja», eller eit av skjela hennar tatt i 2018. Kyndige kan anslå kor mange gonger fisken har gytt ut frå «årringane» i skjelet, men då mindre sikkert enn DNA-prøve.

Fotograf: Per Tommy Fjeldheim / HI

DNA-prøve avslører at laksehoa har gytt heile fem gonger i Etneelva.

Det er truleg den best dokumenterte verdsrekorden i laksegyting!

Funnet kjem fram i masteroppgåva til UiB-student Håvard Kaland. Han gjekk gjennom DNA-prøvane til alle gytelaksane vi har tatt prøver av i Etneelva gjennom sju år. Det er meir enn 10.000 laksar. «Kaja» er ein viktig detalj som forbløffar forskarane.

Nokre greier to gytingar

– Dei fleste laksane døyr nemleg etter å ha gytt i elva, forklarer Øystein Skaala, prosjektleiar ved HI sin feltstasjon i Etneelva (sjå faktaboks).

– Dei må gjennom ei rekke strabasar: Vandre ut av fjordsystemet, reise langt i Norskehavet, skaffe seg mat og energi for å bygge opp rogn og mjølke, finne den beste gyteplassen i kamp mot kvarandre, gyte og overleve i den vinterkalde og næringsfattige elva før dei reiser til havs igjen. Ein del greier dette to gonger, men ikkje fem, seier han.

Øystein Skaala er prosjektleiar for feltstasjonen i Etneelva. Ei fiskefelle lar forskarane skilje ut rømt oppdrettslaks og ta prøver av villaks og sjøaure. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Er på fornamn med forskarane

Ved HI sin feltstasjon i Etneelva tar forskarane prøver av all fisk som skal vandre opp for å gyte. Dermed har dei alle «personalia» på «Kaja» frå alle gongane ho har vore innom:

«Kaja» klekker ein vårdag i 2008. I mai tre år seinare er ho 11,7 cm lang og på veg ut av Etneelva saman med rundt 40.000 jamnaldringar, med kurs for Norskehavet.

Blitt mor til over 33.000 laksebarn

Etter to år på vandring, har ho lagt på seg 2,2 kilo og vil tilbake til heimelva. Ho gyter om lag 3.000 egg før ho tar seg ein ny tur i Norskehavet for å ete seg feit. To år seinare kjem ho heim igjen som 4,9 kilo. Ho legg over 7.000 egg. 

Ho gyter igjen i 2016, 2017 og sist i 2018. Då var ho 9 år og 5,9 kilo.

– Til saman har «Kaja» lagt rundt 33.350 egg, som med normal overleving i elva vil gi rundt 1.000 smolt og frå desse, 50 gytefiskar. Så langt vi veit, er dette verdsrekord og noko vi har trudd har vore fysisk umogleg, seier Skaala.

– Det må ha vore litt av ei dame.

Lakseparr i Etneelva - kanskje ein av "Kaja" sine etterkommarar? (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)