Gå til hovedinnhold

Har gjort verdas nordlegaste satellittmerking av makrellstørje


IMG 20200901 WA0010

Satellittmerka er kostbare og det er strenge krav til korleis dei blir festa for at dei ikkje skal falle ut før tida. Her er forskarar Otte Bjelland og Keno Ferter i gang med å merke makrellstørja ved Runde.

Fotograf: Gunnar Didriksen / HI

Forskarane har i år festa satellittmerke i totalt fem "formel-1-fiskar" på rundt 250 kilo.

Éin av fiskane fanga dei ved Runde – det er den nordlegaste satellittmerkinga av verdas største tunfiskart.

Utvalde, frivillige stongfiskarar har i tillegg merkt ni makrellstørjer med konvensjonelle plastmerke. (Sjå faktaboks)

– Norge er størja si nordlege yttergrense, så vi er utruleg spente på å lære meir om vandringa til desse fiskane, seier havforskar Keno Ferter.

Ingen nyheiter er gode nyheiter

Om eitt år skal satellittmerka etter planen løyse seg ut, flyte opp og sende data heim. Først då kan forskarane berekne kor dei har vore.

– Ingen nyheiter gode nyheiter, for satellittmerka vil også løyse seg ut om makrellstørja skulle døy. Sidan vi ikkje har mottatt noko frå merka, betyr det at fiskane svømmer rundt med dei, forklarar Ferter.

HI sin nye båt "Emmy Egidius" er utstyrt med eiga rampe for merking av makrellstørje bak. Det har gjort jobben smidigare. På merkelaget: Gunnar Didriksen bak roret, Otte Bjelland, Jan Hinriksson og prosjektleiar Keno Ferter. (Foto: Endre Hopland / Team Seeberg)

Fiska frå Bømlo til Runde

Det var i august-oktober at forskarteamet fór rundt på Vestlandskysten i kjølvatnet til størjene. Inga lett sak, for dei kan svømme i 70 kilometer i timen og krysse Atlanterhavet på 50 dagar.

– Å finne ein stim er den største utfordringa. Vi fekk stadig tips frå andre stongfiskarar, yrkesfiskarar og havforskarar. Nokre av tipsa var gull, seier han.

For når størja er i jaktmodus så spruten står, kan sjølv ein rosa gummiblekksprut dradd etter ein båt bli uimotståeleg.

Ekspertar på fisking og merking

– Når ein fisk kjem fossande og tar blekkspruten, er det om å gjere å få han raskast mogleg oppi båten, feste merket på ein bestemt måte og sleppe fisken tilbake i god form. Merkelaget har fått ei effektiv rutine med landingstider ned i 15-20 minutt, forklarar Ferter.

Den har dei utarbeidd etter råd frå stongfiskeekspertar og forskarkollegaar, og eigne erfaringar.

Båtføraren tar igjen fisken mens stongfiskaren sveiver alt han kan for å halde kontakten. Tredjemann tar raskt tak i fortaumen med kevlarhanskar og haler til fisken sitt hovud kjem over vatn. Deretter sikrar dei fisken med ein større krok og tau, før dei drar størja opp ein spesialbygd rampe.

Når ho får eit vått handklede over auga ligg ho i ro, mens ein slange sørger for ein straum av saltvatn til gjellene. Mål, prøvetaking og merking er over på nokre minutt.

Har fleire auge som ser

Stongfiske er rekna som den mest skånsame fangstmetoden for kjempefiskane. Dette er ei ung og strengt regulert fiskegrein i Norge.

– Vi har sett ei enorm kompetanseutvikling og kunnskapsdeling dei siste åra. Vi har heller aldri hatt fleire auge på sjøen enn i år, frå svenskegrensa i sør til Hitra og Frøya i nord, med tilsvarande mange observasjonar. Dette har vore to nøkkelfaktorar for merkesuksessen i år, seier Keno Ferter.

Når forskarane fiskar makrellstørje med stong, brukar dei spesielt utstyr som er dimensjonert for enorme fiskar. (Foto. Keno Ferter / HI)

Høyr også vår eigen Havpodden om størjas comeback