Gå til hovedinnhold

Ikkje meir kvikksølv i Fedje-fisk


8360500299 2b47f818ca o

Vraket av den tyske ubåten «U 864» ligg i to delar på 150 meters djup, to nautiske mil vest for øya Fedje.

Fotograf: Kystverket

For sekstande år på rad har havforskarar sjekka kvikksølv-nivå i brosme og krabbe frå området rundt ubåtvraket ved Fedje. 

I februar var det 75 år sidan den tyske ubåten «U 864» vart senka av ein britisk torpedo utanfor vestlandskysten. Ei stor last med flytande kvikksølv blei med til botnen.

Vraket blei funne vest for Fedje i 2003. Sidan 2004 har Havforskingsinstituttet (tidlegare NIFES) tatt årlege prøvar av fisk og krabbe frå området og sjekka for innhald av kvikksølv.  

Årets rapport, med resultat frå prøvane som blei tatt i fjor, er no publisert. Resultata føyer seg inn i ein etter kvart lang dataserie.  

Berre brunmat med høge nivå

Av til saman 1118 brosmer forskarane har tatt prøvar av sidan 2004, har 58 hatt nivå av kvikksølv i fileten som er over grenseverdien for mattryggleik. Det utgjer om lag 1 av 20. 

Brosme tatt rett ved vraket har ikkje meir kvikksølv i seg enn den som er tatt fire nautiske mil lenger sør eller nord. Nivået er heller ikkje høgare enn i brosme tatt andre stader på Vestlandet. 

Ingen av taskekrabbane som har vore fiska i 2019 eller tidlegare har hatt nivå av kvikksølv over grenseverdien i klokjøtet. I innmat av krabbe har derimot forskarane funne forholdsvis høge nivå av kvikksølv både ved vraket og nord for vraket, men ikkje sør for vraket.  

Innmaten består for det meste av rogn og hepatopankreas, som er eit viktig fordøyingsorgan hos krepsdyr. Klokjøt av krabbe og fiskefilet består av muskelvev.  

– Sannsynlegvis skuldast forskjellen at kvikksølvet i sedimentet er i metallisk form, som er lite tilgjengeleg for opptak i muskelvev. Enkelte krabbar kan likevel få i seg noko av dette slik at vi finn høgare konsentrasjonar i innmaten, seier forskar Sylvia Frantzen. 

Brosme blir undersøkt fordi det er ein stadbunden art som lever på botnen og lett tar opp i seg kvikksølv. Vanlegvis har ho høgare nivå av kvikksølv enn andre fiskeartar. Foto: Erling Svensen / HI

Dårlege forhold for organisk kvikksølv

I 2019 tok forskarane prøvar av 65 brosmer og 58 taskekrabbar. 25 av brosmene og 16 av krabbane var frå sjølve vrakområdet, resten frå fire nautiske mil sør eller nord for vraket.  

To av brosmene som blei tatt ved vraket hadde nivå av kvikksølv i fileten som var høgare enn grenseverdien på 0,5 mg/kg våtvekt. Gjennomsnittet var på 0,3 mg/kg.  

– Når vi tok omsyn til storleiken på fisken var det ingen forskjell mellom dei tre områda, seier Sylvia Frantzen.  

Ei forklaring på at kvikksølvnivåa i brosme ved vraket ikkje er høgare enn ved dei to andre lokalitetane, er at kvikksølvet ved vraket er lite metylert. Metylering inneber at metallisk kvikksølv blir omdanna av bakteriar til metylkvikksølv, som er meir tilgjengeleg for fisk og andre organismar. 

– Per i dag ser det ut som at vrakområdet har dårlege forhold for metylering, seier Frantzen. 

Taskekrabba taskar rundt på botnen og får lett i seg kvikksølv. Foto: Erlend Astad Lorentzen / HI

Opp og ned med kvikksølv

Når forskarane justerte kvikksølvnivået for lengda på fisken, var kvikksølvnivåa i brosme i 2018 og 2019 høgare enn i 2016–2017, 2011–2013 og 2007. Nivået var ikkje høgare enn i 2014–2015 og 2008–2010.  

– Det ser altså ut til at kvikksølvnivåa i brosmemuskel svingar opp og ned i periodar på to til tre år, og at det ikkje er nokon auke i perioden overvakinga har føregått, seier Frantzen. 

– Det tyder også på at det er andre faktorar enn storleik som påverkar korleis kvikksølvnivåa varierer, som for eksempel variasjon i diett.  

Analysar for stabile kvikksølv-isotopar har tidlegare vist at kvikksølvet som finst i Fedje-brosma ikkje stammar frå ubåtvraket. Det har nemleg eit anna «fingeravtrykk».  

For å sjå om dette framleis stemmer, har forskarane sendt brosmeprøvar frå 2019 til samarbeidspartnarar ved Universitetet i Gent i Belgia. Resultata av dei avanserte analysane vil bli publisert seinare.

Les også: Kvikksølv i Fedje-fisken stammar ikkje frå ubåtvraket

Referanse

Sylvia Frantzen, Amund Måge og Monica Sanden (2020). «Kvikksølv i sjømat ved U-864 – Resultater fra overvåkning i 2019». Rapport fra Havforskningen 2020-33. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2020-33