Milliondryss til kystovervaking

20200929_Coastwatch_DSC_4461.jpg

HI-direktør Sissel Rogne og stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsen (i svart) saman med mannskap ombord på forskingsskipet «G.O. Sars».

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

– No blir det oppstart på Coastwatch, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne etter å ha fått beskjeden om at regjeringa løyvar meir enn 15 mill. kr. i friske midlar til hav- og kystforsking i statsbudsjettet for 2021.

Det var stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsen frå Høgre som hadde med seg nyheita då han møtte Sissel Rogne ombord på «G.O. Sars» ved Nykirkekaien i Bergen tysdag ettermiddag.

Regjeringa vil i forslaget til neste års statsbudsjett setje av 11 millionar kroner til Havforskingsinstituttet og 2 millionar kroner til Veterinærinstituttet øyremerkt forsking og overvaking av kysten. Kysttorsk, kystreker, algar og manetar blir nemnt som område der det er behov for meir kunnskap. Det skal også utviklast eit varslingssystem for trugsmål langs kysten. 

I tillegg får Havforskningsinstituttet tildelt 4,6 millionar kroner til å skaffe auka kunnskap om bestandar vi har lite data om i dag, som snøkrabbe, hummer, lange, brosme, breiflabb og steinbit. Forskningsrådet får også styrka sine marine verkemiddel med 15 millionar kroner.

Vil motverke dødsalgar

– Betre kunnskap gir betre forvaltning og betre bærekraft. Eit varslingssystem for alge og manet vil kunne forhindre fiskedød som vi nyleg opplevde i nord, seier fiskeripolitisk talsmann for Høgre på Stortinget, Tom-Christer Nilsen.

I april lanserte Havforskingsinstituttet nettsida algestatus.hi.no, der relevant informasjon om skadelege algar langs kysten blir lagt ut fortløpande. Målgruppa er både oppdrettsnæring, dykkarar og folk flest. Algevarselet er under utvikling og skal utvidast med fleire observasjonar og nytt utstyr. 

Les meir: Lanserer egen algenettside etter «dødsalgens» herjinger

Satsar stort på kystovervaking

Midlane til kystovervaking blir for Havforskingsinstituttet eit steg på vegen mot å utvikle eit integrert system for kystovervaking med ny observasjonsteknologi og deling av data. Denne satsinga ber namnet Coastwatch. 

– Det er fantastisk at vi no får ein pangstart på Coastwatch-programmet, som vi har jobba med lenge. Det er i kystsona problema er no for å få til ein god sameksistens, og difor må kunnskapsgrunnlaget opp. Difor er det ein hyggjeleg dag for oss, for no blir det oppstart på Coastwatch, seier Sissel Rogne.

Les også: HI satser mer på ubemannede forskningsfarkoster

PS: Regjeringa legg fram heile forslaget til statsbudsjett 7. oktober. Så skal det til behandling i Stortinget før det blir endeleg vedtatt.