Gå til hovedinnhold

Krill tolte lusemiddelet hydrogenperoksid dårleg i labforsøk

arktiskkrill

Éin av dei vanlege krillartane i norske farvatn: Meganyctiphanes norvegica (Arkivfoto: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet)

Ein halv promille av «laksedosen» var dødeleg for krillen.

– Av dei artane forskinga har undersøkt til no, er krillen den mest følsame, seier doktorgradsstipendiat Rosa Escobar-Lux og siktar til sin nyaste studie.

Hydrogenperoksid er eit middel mot lakselus som blir tilsett vatnet fisken svømmer i. Anten i merden eller i brønnbåt. I begge tilfella endar stoffet i sjøen der det blir tynna ut og etter kvart brote ned. Forskarane undersøker derfor korleis andre artar enn laks og lus toler stoffet.

(Forbruket av hydrogenperoksid er no langt mindre enn tidlegare – sjå faktaboks.)

Kunnskapen frå dette forsøket gjekk inn i ein ny, omfattande rapport der forskarane undersøkte 79 tilfelle av massedaud krill. (Les saka: Sjekket om krill-massedød-episoder kan knyttes til avlusing i oppdrettsanlegg)

Står kystnært mens det er mykje avlusing

– Krillen er ein viktig art både til havs og langs Norskekysten. Særleg mellom januar og mai står den nær kysten. I same periode har bruken av hydrogenperoksid tradisjonelt vore høg, forklarar forskaren.

Tidlegare har forskingsteamet hennar undersøkt effekten på raudåte, hummar, sukkertare og ulike rekeartar. Det er første gong dei testar krill.

Kva tid blir badet giftig?

– I dette forsøket har vi overvaka krillen i to døgn etter eksponering i éin time. Dermed finn vi kva dose som er akutt giftig, og kva dose som kan ta livet av dei på sikt, seier Escobar-Lux.

For å finne den svakaste, dødelege dosen, bada forskarane seks grupper krill i sjøvatn med ulike konsentrasjonar hydrogenperoksid. Det sterkaste badet hadde 1700 milligram per liter vatn – det er dosen laksen får tilsett i merden.

Etter ein time fekk overlevande krill komme tilbake til kar med friskt sjøvatn. Der gjekk dei altså i to døgn.

– Ein konsentrasjon på ti prosent av laksedosen tok livet av alle krillane i løpet av den første timen, seier Escobar Lux

Ein totusendel var farleg på sikt

Dei reknar seg fram til at 1,9 prosent vil vere akutt dødeleg for halvparten av krillane. Dette er eit standardmål for giftigheit som forskarane kallar LC-50 – dosen som drep halvparten av forsøksdyra.

– Mengda hydrogenperoksid som er dødeleg for krillen to døgn etter eksponering, er 0,86 milligram per liter, eller ein halv promille av laksedosen, seier Escobar-Lux.

I sjøen vil lusemiddelet stadig bli tynna ut med avstand frå utsleppspunktet. Det er i praksis straumforholda som avgjer kor fort det går.

Betyr ikkje at all krill er dødsdømt

– Kva fortel funna frå laboratoriet om krill og hydrogenperoksid ute i sjøen?

– Denne forskinga seier ikkje at vi kjem til å finne slike konsentrasjonar av hydrogenperoksid utanfor ein oppdrettsmerd. Den fortel at dersom krill kjem i kontakt med gitte mengder lenge nok, kan dei ta skade av det, forklarer forskaren.

Ein times eksponering er likevel ikkje tilfeldig valt. Annan forsking har modellert avlusing i merd og berekna konsentrasjonar på 100mg/l i overflatevatn opptil to kilometer frå oppdrettsanlegg i fleire timar.

– Vi meiner det er ei relevant eksponeringstid ut frå det vi veit om nedbryting av stoffet og det modellane fortel oss om fortynning. Men på dette treng vi meir forsking, gjerne også feltforsøk, seier Escobar-Lux.

Andre modelleringar ved HI viser at det er store lokale skilnader på kor fort fortynninga går. Det skjer også langt raskare frå ein brønnbåt i fart enn frå ein merd.

Daud krill flyter i land – men oftare enn før?

Beretningar om store mengder krill som strandar går tilbake til starten av 1900-talet. 

Dei siste åra har det kome langt fleire slike rapportar frå publikum, som HI nyleg har gått nøye gjennom i ein stor rapport. (Les saka: Sjekket om krill-massedød-episoder kan knyttes til avlusing i oppdrettsanlegg)

Forskarane veit ikkje om fenomenet skjer oftare, eller om folk berre er meir merksame på det.

I tre av 79 tilfelle kunne forskarane seie at lusemiddel var ein sannsynleg årsak til strandinga. Men då var det brukt andre stoff enn hydrogenperoksid.

I nokre tilfelle var det ikkje mogleg å uteukke ein samanheng, og i mange av tilfella var det lite sannsynleg fordi det ikkje var rapportert om avlusing i nærleiken.

Del av aukande kunnskap

– Kunnskap vi hentar inn gjennom labforsøk er ein føresetnad for å gjere den typen undersøkingar. Til no har ingen visst korleis krill toler lusemiddel, seier Escobar-Lux.

– Med den nye kunnskapen om kor følsam krill er for hydrogenperoksid, kan vi altså ikkje utelukke at avlusing kan medverke til krilldød. Det store spørsmålet er i kva grad hydrogenperoksid eventuelt overlappar med krill i tid og rom. Dette er noko vi jobbar vidare med, seier Escobar-Lux.

Dei nye resultata er del av HI sin aukande kunnskap om korleis ulike lusemiddel verkar på ville artar. Sjå også vår Risikorapport for norsk fiskeoppdrett.

Referanse

Escobar-Lux, Rosa H., and Ole B. Samuelsen. "The Acute and Delayed Mortality of the Northern Krill (Meganyctiphanes norvegica) When Exposed to Hydrogen Peroxide." Bulletin of Environmental Contamination and Toxicology (2020): 1-6. Lenke: https://doi.org/10.1007/s00128-020-02996-6