Gå til hovedinnhold

Studentoppgåve viser underrapportering i turistfisket


HI 048787

Arkivfoto: Fisketuristar er eit vanleg syn langs Norskekysten, i alle fall i normalår. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

På bakgrunn av telefonintervju har ein biologistudent berekna at 12 prosent av dei registrerte turistfiskebedriftene ikkje var reelle og at 22 prosent hadde urapportert fangst.

– Dette bekreftar at vi må ta dataa med ei god klype salt enn så lenge, seier havforskar og studentrettleiar Keno Ferter.

Han og andre HI-forskarar er blant sluttbrukarane av fangstdata frå dei registrerte turistfiskebedriftene (sjå faktaboks). Havforskarane jobbar mellom anna med å berekne kor stort innhogg turistfisket gjer i fiskebestandane langs kysten.

Intervjua dei med tvilsam rapportering

Det er biologistudent Ingrid Katrine Kregnes som har gjort berekningane i ei semesteroppgåve ved Institutt for biovitskap (UiB) og HI.

Ho delte inn alle dei oppførte turistfiskebedriftene i kategoriar ut frå korleis, kor ofte og om dei i det heile tatt hadde registrert fangst. Så intervjua ho eit utval av dei med tvilsam rapportering. I alt 69 bedrifter svarte på undersøkinga. Kregnes rekna utvalet som representativt og berekna at:

  • 712 av 1095 registrerte turistfiskebedrifter har sendt inn fangstrapportar etter krava (65 prosent).
  • 240 bedrifter (22 prosent) har ikkje rapportert som dei skal.
  • 126 bedrifter (12 prosent) har lagt ned eller driv ikkje med turistfiske i det heile tatt.
  • 17 bedrifter har ikkje starta opp.

Meinte det var komplisert og tidkrevjande

«Det er flere bedrifter som ikke er klar over hva de skal rapportere, eller har unnlatt å rapportere grunnet at de synes rapporteringen er for komplisert, det tar for lang tid å rapportere, eller det har blitt glemt» skriv ho i oppgåva.

For eksempel var det mange av dei spurte som ikkje hadde fått med seg at dei også skal rapportere om turar der dei ikkje fekk fisk, såkalla nullfangst.

Nokon hadde også samla opp fangstrapportar for å registrere alle i same slengen. Men då ser det for forskarane ut som veldig få turar med veldig store fangstar.

Har kome nye reglar i år

– No har myndigheitene nettopp innført eit nytt regelverk som kanskje kan bøte på nokre av problema. Blant anna har det kome krav om fortløpande, elektronisk rapportering og sanksjonsmoglegheit dersom det ikkje blir gjort, seier Keno Ferter.

Han har meldt frå til Fiskeridirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementet om at delar av registeret er utdatert – at nokre bedrifter ikkje finst lengre, og at nokre er feilaktig oppført.

– Dei har vist interesse for funna til studenten vår. Undersøkinga baserte seg på data frå før covid-19 slo inn for fullt. Ettersom turistfiskenæringa er hardt råka av reiserestriksjonane, blir det truleg behov for ei stor oppdatering av registeret, seier Ferter.

Jobbar vidare med å berekne fangstane

HI har nyleg brukt fangstane frå turistfisket som ei datakjelde i bestandsvurdering av torsk.

Då tok forskarane høgde for ein del sannsynlege feilkjelder, som underrapportering.

– Men samtidig oppdaga vi andre feilkjelder som krev vidare oppfølging, for eksempel feil tal båtar, feil artsnamn, og rett og slett feil tal fisk rapportert, seier Ferter.

– Registeret er rimeleg nytt og framleis i innkøyring. Vi håpar at prosenten bedrifter som rapporterer vil stige, og at registeret blir så a jour som mogleg. Det vil komme alle til gode. I mellomtida er vi naturlegvis veldig glade for at mange faktisk legg ned god innsats i god rapportering, avsluttar han.

Referanse

Ingrid Katrine Kregnes, Jeppe Kolding, Keno Ferter. En kritisk gjennomgang av fangstrapporteringen fra turistfiskebedrifter. Semesteroppgåve i BIO299 «Forskningspraksis i biologi» ved Universitetet i Bergen. Opne som PDF