Gå til hovedinnhold

Set trafikklys-fargar på fjordmodell


brattstrom hardangerfjorden vinter

Her i Hardangerfjorden har forskarane samanlikna modellresultat med observasjonar. Illustrasjonsfoto.

Fotograf: Marcos Antonio Fernández / Havforskningsinstituttet

Havforskarane sine modellar av kyst og fjord har vist seg å stemme bra med observasjonar. No har dei funne ein ny måte å måle og vise fram treffsikkerheita på.

Modellane bereknar temperatur, salthald og fart og retning på havstraumar. Resultata blir blant anna brukt i vurdering av smittepress av lakselus frå oppdrettsanlegg i trafikklys-systemet (sjå faktaboks). Men informasjon om kvaliteten på modellane har ofte vore vanskeleg tilgjengeleg.

Den nye metoden for modellevaluering gjer det heile meir pedagogisk, med eit fargespråk både oppdrettarar og folk flest kjenner godt:

Modellresultata får raud, gul eller grøn farge, alt etter kor godt dei stemmer med målingar ute i naturen.

Etterspurt informasjon om modellkvalitet

– Tanken var å få til å evaluere modellen på ein måte som var intuitiv og forståeleg for ulike interessegrupper og folk flest, samtidig som den har solid vitskapleg belegg, seier forskar Stig Dalsøren.

– Så er neste steg å finne ut kvifor modellen gjer det bra eller dårleg, om mogleg for å kunne betre prosessane i dei tilfella der det blir avvik med observasjonane, legg han til.

Dalsøren utvikla metoden saman med kollegaene Lars Asplin og Jon Albretsen. Då dei testa metoden på data frå Hardangerfjorden, fann forskarane at modellen fekk «grønt lys» størsteparten av tida.

Valet av «testfjord» var ikkje tilfeldig.

– Hardangerfjorden er ein fjord vi har studert mykje, der vi har gode data. Samtidig er det ein fjord det er stor interesse for, på grunn av mykje næringsaktivitet, seier Dalsøren.

Mest grønt...

Forskarane samanlikna resultat frå den såkalla NorFjords-modellen (sjå faktaboks) med målingar i sjølve fjorden i to periodar, våren og sommaren 2016 og 2017. Dei såg særleg på havstraumen nær overflata midt i fjorden, som dei har kontinuerlege målingar av.


 

For å kvalifisere til grøn farge måtte modellen angi rett retning på straumen, og omtrent rett fart. Viss den gav rett retning, men større avvik på fart, blei resultatet gult, mens ved feil retning blei det raudt.

For perioden mai til august 2017 blei resultatet for straum nær Rosendal grønt heile 87 prosent av tida. Sju prosent var i det gule området, seks prosent i det raude (sjå figur over).

For perioden april til juli 2016 var resultatet meir varierande, men i alt blei det grønt 64 prosent av tida. Forskjellen er knytt til kva slags faktorar som påverkar straumen mest.

Figurar frå artikkelen, sjå lenke nedst på sida.

...men også viktige funn om årsaker til avvik

– Når lokale pådriv dominerer, som at det er ein viss vindstyrke inni fjorden eller elveavrenning på eit visst nivå, så gjer modellen det bra.  I nokre av tilfella når det kjem signal inn frå kysten, såkalla interne bølgjer, er det utfordringar, seier Stig Dalsøren.

Interne bølgjer er bølgjerørsler i djupet. Dei forplantar seg langs skilleflata mellom lettare og tyngre vasslag, med innstrøyming i det øvste vasslaget og utstrøyming under, eller motsett.

Desse rørslene er blant anna påverka av salthaldet i sjøen ute ved kysten, som i nokre høve har vist seg vanskeleg å føreseie i modellen.

– Vi vil derfor legge ressursar i å forbetre hav- og kystmodellane slik at vassmassane blir representert mest mogleg realistisk i fjordmodellane, seier Dalsøren.

Kan brukast til mykje – gitt gode data

Dalsøren fortel at metoden er blitt tatt godt imot av resten av forskarane i forskingsgruppa, som har fjord- og kystmodellane som grunnsteinar i sitt arbeid.

– Alle som brukar modellen vidare på lakselus, plast, algar eller andre problemstillingar, er veldig opptatt av kor godt den samsvarer med målingar. Vi har fått tilbakemeldingar på at dette er ein forståeleg måte å vise det på. Det er difor  ein metode vi er interessert i å bruke vidare når vi evaluerer modellane.

– Metoden er også fleksibel med tanke på at den kan brukast på andre modellar, også innanfor andre fagområde, seier forskaren.

Den avgjerande føresetnaden, understrekar Dalsøren, er å ha tilgang på datasett med gode, kontinuerlege observasjonar. Utan eit godt samanlikningsgrunnlag, blir det også uråd å kvalitetssikre modellen.

Referanse

Stig B. Dalsøren, Jon Albretsen, Lars Asplin (2020). «New validation method for hydrodynamic fjord models applied in the Hardangerfjord, Norway». Estuarine, Coastal and Shelf Science, 246. Lenke: https://doi.org/10.1016/j.ecss.2020.107028