Gå til hovedinnhold

Det internasjonale makrell-økosystemtoktet er i gang


Trålfangsten med makrell på vei ned luka til fiskelaboratoriet for veiing og prøvetaking.

Trålfangst med makrell på vei ned luka til fiskelaboratoriet for veiing og prøvetaking. (Arkivfoto: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet)

I fem uker skal havforskarane dekke ti gonger Norges landareal i jakt på makrellen.

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» legg ut frå Bergen torsdag 1. juli med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island, Grønland og EU (Danmark).

Betydeleg kartlegging

– Over fem veker skal vi kartlegge eit område på om lag 3–3,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier Leif Nøttestad, havforskar og koordinator for det internasjonale toktet.

For makrellbestanden har ei enorm utbreiing i Atlanterhavet. Men dei siste åra har både utbreiinga og bestandsstorleiken hatt ein nedgåande trend; den har hatt ein tendens til å trekke ut av grønlandske og islandske farvatn, og vart funnen stadig meir nordleg i Norskehavet.

Følger etter stadig lenger nord

– Spesielt dei to siste åra var mykje av makrellen heilt nord i Jan Mayen-sonen og til dels sørvest ved Svalbard inn i Framstredet. Der rakk vi ikkje å følge makrellen til nullinja, altså til punktet det sluttar å vere makrell. Vi håpar å rekke det i år, seier Nøttestad.

Han poengterer òg at endringane i makrellens utbreiing er satt under lupa blant fleire forskarar både i Norge og internasjonalt, som stadig jobbar med å forstå dei underliggjande årsakene til denne variasjonen i vandring. I så måte leverer dette toktet heilt sentrale data til den pågåande forskinga.

Men hovudformålet med toktet er bestandsvurdering. Det årlege tråltoktet etter makrell er éin av fleire viktige indeksar forskarane brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – det vi kallar eit kvoteråd.

Det internasjonale havforskingsrådet ICES anslo sist at gytebestanden for makrell no er på 3,7 millionar tonn.

Ekstra makrellfokus i sommar

– No som det er manglande kvoteavtale om makrellen, og Norge ikkje får tilgang til å fiske bestanden i britisk sone, så vil det nok bli ekstra fokus og interesse i sommar frå makrellfiskarar mfl. på makrellens utbreiing i Norskehavet, seier Nøttestad.  

Vi på Havforskingsinstituttet vil prøve å halde relativt hyppige oppdateringar om spesielt utbreiinga av makrellen i løpet av makrell-økosystemtoktet med «Eros» og «Vendla» på våre heimesider www.hi.no.

Målar med trål og akustikk

Makrellen har ikkje svømmeblære og står om sommaren spreidd i mindre stimar nær overflata i jakta på dyreplankton. Då gir han svakt ekko. Hovudmetoden for å anslå kor mykje det er av han om sommaren, er derfor å fiske på forhandsbestemte punkt med ein spesialdesigna trål.

Fartøya registrerer også fleire andre fiskeslag med ekkolodd, hovudsakleg norsk vårgytande sild og kolmule. Desse indeksane blir seks år gamle etter årets tokt. Då er tidsseriane lange nok til at ICES kan evaluere dei, og vurdere å ta dei inn som kunnskapsgrunnlag i bestandsrådgjevinga for norsk vårgytande sild og kolmule.

Er også eit økosystemtokt

– Mens vi likevel er på eit så omfattande tokt, brukar vi høvet, så sant vi har tid og anledning, til å overvake ei rekke forhold i økosystemet. Det er sild og kolmule, hestmakrell, rognkjeks, Atlantisk laks, kval og dyreplankton. Frå kikkert til mikroskop, med andre ord, seier Nøttestad.

– Det kommer mange forskingsbestillingar både nasjonalt og internasjonalt som vi blir bedt om å utføre i løpet av dette toktet. I år som i fjor vil vi merke til saman 200 rognkjeks om bord på «Eros» og «Vendla» for å studere vandringane til denne spennande arten.

Videre blir det i år fokus på innsamling av otolittar (øresteinar) og genetiske prøver til nye metoder for å skille ulike sildepopulasjonar, eigne undersøkingar av parasitten Kudoa thyrsites som gir "gelémakrell" og kvalitet på makrellen, og innsamling av makrell i Norskehavet for genetisk identifikasjon av makrellens mageinnhald.

I tillegg kjem omfattande studiar av havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.

Toktet held fram til 3. august.