Gå til hovedinnhold

Ny løypemelding frå makrelljakta


IMG 8242

Dei norske fartøya har gjennomført 70 trålstasjonar, og det har vore fanga makrell på alle. Toktleiar Geir Huse kjem her med si andre løypemelding frå det internasjonale makrell-økosystemtoktet.

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» la ut frå Bergen torsdag 1. juli med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark). Danskane er no ferdig med sin dekning i Nordsjøen og det er gode fangstar i Nordsjøen i år. Grønland blir ikkje med på årets tokt grunna forsinka leveranse av nytt forskingsfartøy. 

Fram til fredag morgon hadde dei norske fartøya gjennomført 70 trålstasjonar. Det har vore fanga makrell på alle stasjonane. Vendla har dekka områda frå Norskekysten og ut i Norskehavet. Eros starta dekninga vest av Færøyene, men har dei siste dagane gått kursar parallelt med Vendla. 

Kart over fangstområder

Fangstratane varierer ein del mellom områda. Dei største fangstane så langt er i den nordvestlege delen av dekninga (sjå kart), der den største fangsten var på 8 tonn på ein halvtime. Dette er i dei same områda der dei største fangstane vart teken på tilsvarande tokt i fjor. Størrelsen på makrellen varierer litt mellom stasjonane, og på den inste stasjonen forrige helg fekk me for første gang på toktet eittåringar, såkalla pir. Gjennomsnittsstørrelsen på makrellen i Norskehavet varierer mellom 350-500 g. 

Det har vore lite sild å sjå så langt, bortsett frå i nordleg del av Nordsjøen. Vi forventar å få NVG sild på neste toktdel frå Lofoten og nordover. Vi har fått jamt med kolmule på toktet, men i lave konsentrasjonar. 

Det blir bytta mannskap på Vendla og Eros i Tromsø til helga og toktet fortset til 3. august.