Gå til hovedinnhold

HI startar årleg pigghåtokt med Måløy vgs.

dronebilde av måløy videregåande skule

"Skulebas" blei brukt til kommersielt pigghåfiske før arten blei freda. Her ligg fartøyet til kai ved skulen.

Fotograf: Måløy vgs.

Elevar om bord på autolinebåten «Skulebas» skal skaffe etterlengta kunnskap om haibestanden.

Etter langvarig overfiske og bestandskollaps blei pigghåen freda på 2000-talet. Men no opplever fiskarane å få han i store mengder, mot sine ønske. Han kan øydelegga garna, fortrenge annan fangst, og dei får heller ikkje særleg betalt for han.

–  Både rapportar frå kystfiskarane og våre eigne analyser av pigghå levert som bifangst tyder på at bestanden er i vekst. Men det er ein bestand vi har svært lite nyare data om, seier havforskar Ole Thomas Albert.

Det skal vi no gjere noko med saman med elevar ved Fiske og fangst på Måløy vidaregåande skule – med eit årleg pigghåtokt i kjerneområdet mellom Egersund i sør og Rørvik i nord.

Får endeleg ein god indeks for bestanden

– Vi kontakta HI med ønske om å bidra til å få i gang ei påliteleg overvaking av pigghåen. Måløy er den historiske hovudstaden i pigghåfisket, og dette er ein kjempeanledning til å lære elevane på Fiske og fangst om forsking og ressursovervaking, seier lærar Stig Rune Oldeide.

– Det passa perfekt med vår nye satsing på å styrke kunnskapen om datafattige bestandar, som pigghå er ein av, seier havforskar Ole Thomas Albert.

Den nye samarbeidsavtalen gjeld i første omgang for fem år.

foto av en pigghå
Om du først treff på pigghåen, kan det fort bli fangst på alle krokane ettersom dei går i store stimar. Forskarane vil helst fange få fiskar frå flest mogleg stimar. (Arkivfoto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Målet er å skaffe ein langsiktig indeks over utviklinga og samansetninga til pigghåbestanden.

Brukar sitt eige flytande klasserom

Det er skulen sitt eige autolinefartøy MS «Skulebas» som blir utgangspunkt for toktet på kring 25 dagar kvar haust.

Med hjelp frå både havforskarar og lærarane sine vil 12 elevar fiske med line på strategiske stader, merke pigghå og samle inn viktig informasjon om alder, lengd, DNA, kjønn, kjønnsmodning og storleiken på pigghåane sine foster. Elevane får praksis i navigasjon, og dei har annan undervisning i klasserom om bord.

Toktet blir designa ut frå den spesielle biologien til haien.

Vil ha prøver av flest mogleg stimar

– Pigghå samlar seg i store stimar, typisk av same kjønn eller storleik. Derfor ønsker vi å fange fisk frå så mange ulike stimar som mogleg, heller enn mest mogleg fangst. Så må vi samtidig unngå å fange same stimen fleire gonger, forklarer Ole Thomas Albert.

Sidan pigghåen flyttar mykje på seg, må dei også tenke på faktorar som djupne og tid på døgnet.

For å finne gode, faste linestasjonar, skal elevane intervjue gamle fiskarar i lokalmiljøet.

– 2021 blir eit prøveår for å spikre ein god, standardisert metode for framtida. Vi trur dette kan bli eit lærerikt samarbeid for begge partar, seier forskar Albert.

– Vi er stolte og beæra over å få dra i gang dette frå heilt blanke art. Vi gler oss, avsluttar Stig Rune Oldeide.