Gå til hovedinnhold

Stor milepæl for Marine grunnkart i kystsona

Landskapsbilde som viser hvordan terrenget ser ut både over og under vannflaten.

Frå Søre Vaulen i Fosnavåg, Møre og Romsdal.

Fotograf: Illustrasjon: Kartverket.

Fredag 12. november leverte Kartverket, Noregs geologiske undersøking og Havforskingsinstituttet eit forslag til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å gjennomføre Marine grunnkart i kystsona som eit nasjonalt program frå 2023.

Dei tre etatane har sidan 2020 samarbeidd om eit treårig pilotprosjekt for produksjon av marine grunnkart i kystsona.

– Dette er ein av dei viktigaste milepælane i prosjektet, seier prosjektleiar Hanne Hodnesdal i Kartverket.

Erfaringane frå pilotområda Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen er positive, og ei investering i eit nasjonalt program vil vere ei særs lønnsam investering for det norske samfunnet, skriv etatanes direktørar i satsingsforslaget til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Investeringane er budsjettert med 4,8 milliardar kroner.

Positiv nytteverdi

Ei samfunnsøkonomisk analyse frå Metier OEC, har identifisert 28 nytteverknader på tvers av 11 bruksområde for marine grunnkart i kystsona og verifisert at eit nasjonalt program har veldig positiv nytteverdi:

– Det er eit enormt potensial for berekraftig verdiskaping og sysselsetting langs kysten ved å realisere eit nasjonalt program, seier kartverkssjef Johnny Welle i Kartverket.

Solid kunnskapsgrunnlag

Det peikast spesielt på betre arealplanlegging i kystnære område.

– Dette gjev grunnlag for betre miljø- og ressursforvalting og eit solid kunnskapsgrunnlag til god forvalting av økosystem, miljø og ressursar, seier direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet.

Direktørene Johnny Welle (Kartverket), May Britt Myhr (NGU) og Sissel Rogne (HI)
Direktørene Johnny Welle (Kartverket), May Britt Myhr (NGU) og Sissel Rogne (HI).
Foto: Bjørn-Owe Holmberg, Kartverket / Geir Mogen, NGU / Paul S. Amundsen, HI

Ny kartleggingsteknologi

I forslaget til eit nasjonalt program legg etatane til grunn vidare utvikling av ny kartleggingsteknologi i eit fruktbart samarbeid med næringslivet og FoU-miljø. Etatane har samarbeidd om å ta i bruk ny kartleggingsteknologi med bruk av fly, dronar og ubemanna farkostar på sjøen.

– Vi er no trygge på at vi vil vere i stand til å ta i bruk ny teknologi i løpet av kort tid. Dette vil føre til auka kvalitet og effektivisering av datainnsamlinga, og maskinlæring vil redusere behovet for manuelle prosessar innan prosessering og analyse, seier direktør May Britt Myhr ved Noregs geologiske undersøking.

Verkeleggjer ambisjonane frå Hurdalsplattforma

Regjeringa vil leggje til rette for ei fornuftig bestands- og ressursforvalting langs kysten og i fjordane, og byggje opp under fortrinnet som ligg i oppdrett av fisk i kystnære strøk og fjordar. Vidare vil regjeringa sikre gyteområde og fiskefelt, stimulere til innovasjon og bruk av ny teknologi i fiskeria, samt leggje til rette for auka forsking på og meir næringsaktivitet knytt til tang og tare og nye marine artar. Regjeringa vil også vidareutvikle trafikklyssystemet med fleire miljøindikatorar, legge til rette for vidare vekst og skape fleire arbeidsplassar og auke eksportinntekter.

For å verkeleggjere ambisjonane frå Hurdalsplattforma må det skje på ein kunnskapsbasert, føreseieleg og berekraftig måte, meiner etatsdirektørane. Noreg er både avhengige av kunnskapsgrunnlaget og av eit sterkt statleg eigarskap til data som inngår i kunnskapsgrunnlaget.

Full integrering av marine data

– Derfor foreslår vi at alle statlege etatar med forvaltingsansvar for data i kystsona deler sine data i samsvar med Digitaliseringsdirektoratets nasjonale retningsliner for datadeling gjennom ein saumlaus marin infrastruktur. Dette vil leggje til rette for full integrering av marine data på tvers av forvaltingsnivåa, seier Welle.

Det nasjonale programmet skal ikkje overta forvaltingsansvaret for data frå andre etatar, men leggje til rette for full integrering av marine data på tvers av forvaltingsnivåa. Målet er at brukarane skal ha enkel tilgang til dei data dei har behov for.

Heile kysten

Kartverket, Noregs geologiske undersøking og Havforskingsinstituttet anbefaler at ein så raskt som mogleg startar opp kartlegging av heile kysten. Kartlegginga dei første fem åra bør starte i dei områda langs kysten som er prioriterte av fylker og kommunar. I denne første fasen vil ein då få kartlagt 10 prosent av kysten. Desse areala vil gje størst gevinst hos brukarane i dei enkelte fylka – og dette vil auke motivasjonen for å ta i bruk dei marine grunnkarta.

Etatane foreslår at kartlegginga gradvis trappast opp, og at eit nasjonalt program har ein løpande horisont på fem år som gjer det mogleg å realisere dei gevinstane samarbeidet gjev. Dette gjev industripartnarane ei føreseielegheit samstundes som det opnar for at finansieringa kan avsluttast på ein slik måte at kartleggingsprogrammet kan trappast ned over tid.