Gå til hovedinnhold

Feil i torskedata har ført til feil kysttorskkvote for 2022


Foto av mannskap som åpner en trålsekk på dekk.

Forskarane brukar fiskane sine øyresteinar til å finne ut kor stor andel av fangsten som er høvesvis torsk og skrei.

Fotograf: Jan Magne Y. Hanssen / Havforskningsinstituttet

Kvoterådet for kysttorsk nord for 67 grader er no revidert frå nullfiske til eit fiske på inntil 7 865 tonn i 2022. Det er framleis behov for ein gjenoppbyggingsplan for bestanden.

– Feilen har sitt opphav i at ei rekke innsamla øyresteinar frå kysttorsk blei feilaktig klassifisert som skrei. Det såg derfor ut som om det var mindre kysttorsk i fjor enn det faktisk var, forklarer forskingsdirektør Geir Huse.

Formen på øyresteinen er nemleg den gjeldande metoden for å skilje fiskane frå kvarandre på forskingstokt. 

– Vi beklagar at kvalitetssikringa vår svikta i dette tilfellet. Vi er samtidig glade for å ha fanga opp feilen og fått korrigert bildet vårt av kysttorskbestanden før starten av kvoteåret, seier Huse.

Gjekk straks i gang med retting

Etter at feilen blei oppdaga tok HI kontakt med det internasjonale havforskingsrådet ICES – den formelle instansen som gir kvoteråda. 

Forskarane gjekk raskt i gang med å berekne bestanden på nytt, og revidere kvoterådet for neste år. No ser det litt lysare ut for kysttorsken i nord.

Det nye anslaget for gytebestandsstørrelse er 92 630 tonn, ei auke på 16 prosent samanlikna med kvoterådet i juni.

Det opprinelege rådet for kysttorsk nord for 67 grader var at det ikkje bør bli fiska kysttorsk i 2022, og at det bør lagast ein gjenoppbyggingsplan for bestanden.

Det nye rådet seier at det er forsvarleg å fiske opptil 7 865 tonn – men det er framleis behov for ein gjenoppbyggingsplan.

Ventar langt større fangstar

– Det er fordi kysttorsk er vanskeleg å unngå i andre fiskeri, særleg i skreifisket. Fangstane av kysttorsk blir truleg høgare enn tilrådd, seier Bjarte Bogstad, norsk representant i ICES sin rådgivande komite (ACOM) og forskar ved HI.

– Ut frå fjorårets landingar ventar vi eit uttak på 50 000 tonn kysttorsk nord for 67-graderen i 2022, seier han.

Har gått andre tokt og bestandar etter i saumane

Forskingsdirektør Geir Huse forklarer at det skjedde ei svikt i kvalitetssikringa til HI.

– Toktbemanninga var noko redusert i fjor, og grunna koronapandemien var det færre fysiske møte på land der øyresteinslesarane normalt drøftar resultata sine. I tillegg kom omlegginga til ny rådgjeving etter metoderevisjonen. Dette bidrog til at feilklassifiseringa fekk sleppe gjennom. Men det er naturlegvis inga unnskyldning, seier han.

HI har gått nøye gjennom tilsvarande data frå tidlegare år. Vi kan konstatere at same typen feil ikkje er gjort tidlegare.

– Vi har sett i verk tiltak for å hindre at dette skjer igjen, seier Huse.

foto av en otolitt fra torsk
Øyresteinen sit inni skallen på fisk. Den er som ein ferdsskrivar med fleire typar informasjon. For eksempel alder på fisken (ut frå årringar/vekstsoner) og art/bestand.