Gå til hovedinnhold

Testar ut makrellstørje-overvaking med sonar

undervannsfoto av makrellstørje i stim

Makrellstørjestimane varierer i storleik. (Arkivfoto: Jostein Saltskår / HI)

I kva grad lar makrellstørja seg identifisere og telje på sonar? Det har forskarane no undersøkt.

Havforskarane gjekk nyleg om bord på fiskebåten «M. Ytterstad» for å forske på verdas største tunfisk sin signatur på sonar. 

Ville fisken la seg identifisere? Telje? Måle? Og korleis oppfører stimane seg eigentleg? Dette var spørsmål dei ville finne ut av.

Vil bruke sonar til å lære meir om bestanden

– Vi fekk mange gode målingar som vi kan trekke ut interessant informasjon frå. For eksempel kor store stimane er, korleis dei svømmer, kor lettskremte dei er og om dei oppfører seg likt om natta og om dagen, seier toktleiar Hector Peña.

Det langsiktige målet er å kunne ta i bruk sonar til bestandsovervaking – kor mykje makrellstørje det er i norske farvatn, og kva utbreiing arten har.

animasjon av hoppende makrellstørje
Forskarane observerte mykje størje mellom Fedje og Ålesund – stimar med alt frå nokre få fiskar i, til fleire hundre. (Video: Guosong Zhang / HI)

Identifiserte enkeltfisk med sonaren

Fiskane var å sjå frå overflata og ned til 50 meters djup, i fart på opptil fire knop. Åtferda var ganske lik på dagen og om natta.

– Vi var i stand til å telje individ i mindre stimar med sonar, og det at vi kan identifisere og måle enkeltfisk i stimen gir oss informasjon om målstyrken – altså ekkostyrken frå eitt individ, seier Peña

skjermbilde fra sonaren - liten stim til venstre, stor stim til høyre
Venstre: Ni makrellstørjer observert 45 grader til styrbord frå båten på 75-100 meters avstand. Fisken svømmer i 2,5 knops fart i norvestleg retning i dei øvre 30 metrane. Høgre: Stor størjestim observert på 75-200 meters avstand. (Skjermdump frå sonaren Simrad CS90)

– På sikt kan dette gjere oss i stand til å rekne ut kor mange fiskar det er i store stimar og berekne storleiken deira. For eksempel gjennom CRIMAC-prosjektet, som forskar på dette.

(Les meir om Crimac på prosjektsidene våre.)

Få har fiska størje i år

Den norske makrellstørjekvoten er på 315 tonn i år. Men berre eit fåtal av fiskebåtane med kvote har fiska, og berre kring halvparten av kvoten er landa. 

For lønna står ikkje heilt til innsatsen: Det er behov for betre metodar for fangst, handtering og omsetning i det krevjande fiskeriet. Dette jobbar havforskarane vidare med, blant anna gjennom moglegheitene for levandelagring.

Ferskvare er best levande?

Samtidig med sonartoktet hadde HI fangstforskarar om bord på fiskebåten «Vestbris». Dei jobbar med å utvikle metodar for å lagre makrellstørje levande i merd. Logistikken rundt slakting, oppbevaring, frakt og marknadstilgang er nemleg utfordringar som kan løysast med levandelagring.

– Vi samarbeidde om å gjere målingar med sonaren mens «Vestbris» kasta nota på makrellstørjer. Du vil nemleg vite kor mange fiskar du kastar på. Du vil ikkje fange for mange størjer, for då kan det bli komplisert å overføre dei, forklarer Peña.

Størjene sleppte unna nota denne gongen, men metodeutviklinga held fram.

foto av fiskebåt med not
«Vestbris» med HI-forskarar om bord kastar nota på ein makrellstørjestim. (Foto: Guosong Zhang / HI)