Gå til hovedinnhold

Ny sesong av Hummerteina live er i gang


Smilande kvinne på kaikanten med sjø og sol i bakgrunnen, ho drar i eit tau i sjøen.

Overingeniør Lene Christensen røktar hummarteina i Flødevigen dagleg. Observasjonar frå teina gir nyttige data til forskarane.

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

Fredag 1. oktober kl 8 startar årets hummarfiske. Samtidig startar den populære livesendinga frå vår hummarteine ved Flødevigen utanfor Arendal.

– Teina er trutna, utstyr testa og frysaren full av makrell, så vi er klare!

Det seier overingeniør Lene Christensen ved Havforskingsinstituttet (HI) sin forskingsstasjon i Flødevigen utanfor Arendal.

Det er niande året på rad at HI sender direktevideo under hummarfisket. Teina er utstyrt med lys og kamera, slik at du kan følgje livet på sjøbotnen døgnet rundt. Teina vil stå ute til onsdag 13. oktober. (Sjå daglege oppdateringar på slutten av saka.)

Følg straumen her eller på hummerteina.hi.no:

 

Ny teine

Nytt av året er ei ny og større treteine. Den er bygd av Green-Bay AS, som er ein samarbeidspartnar for HI i arbeidet med spøkelsesteiner i Skagerrak.

– Den nye teina er heilt rå! Den er bygd etter mål frå den store teina vi brukte for to år sidan, og har ramme av sveisa aluminium og trespiler. Lyset er også nytt. Ettersom alt dette veg sitt, har vi fått låne ein kran, så eg slepp å falle i vatnet, ler Lene Christensen.

Ho har ansvar for å røkte teina kl. 12 kvar dag. Då ser ho til agnet, og måler og merkar humrar.

Dette skjemaet blir oppdatert dagleg med fangsten som blir registrert i teina (ekstern lenke).

Action i fredingsområde

Det er forventa mykje hummar rundt og i teina, sidan denne står i fredingsområdet i Flødevigen. Her er det mykje meir hummar enn i område med fiske, og hummaren er betydeleg større.

– Hadde vi hatt Hummerteina live i et område som var opent for fiske, ville det vore mindre action, seier forskar og bestandsansvarleg for hummar ved HI, Alf Ring Kleiven.

Fangstdata frå Hummerteina live går inn i forskinga på effekten av fredingsområde for hummar.

Variert agn

Noko som både forskarar, teknikarar og sjåarar har interessert seg for, er å sjå kva slags agn humrane bit på. Etter tips frå folket har teina blitt egna med alt frå bananar og barnemat via surstrømming til kotelettar, kyllinglår og pølser (fungerte overraskande bra, ifølgje Christensen). 

Også i år vil nye variantar bli testa ut.

– Vi har fått spørsmål om å teste krabbe og stillehavsøsters som agn, så det skal vi prøve å få til, seier Lene Christensen.

Nokon finn vegen ut

Bestandsansvarleg Alf Ring Kleiven seier det det er spesielt interessant å sjå på åtferda til hummaren i og rundt teina.

– Vi ser at mange humrar som kjem inn i teina også finn vegen ut av kalven igjen. Denne teina har ikkje eit indre fangkammer, noko som aukar sjansen for at hummaren klarer å rømme, seier han.

– Før 1970-talet hadde i hovudsak ikkje hummarteiner eit indre fangstkammer, slik moderne teiner har. Likevel var fangstane per teine betydeleg høgare enn dei er i dag. Det kan seie noko om nedgangen i bestanden dei siste tiåra: Vi har fått betydeleg meir effektive teinar, men klarer likevel ikkje å halda oppe fangsten som var tidlegare.

Måndag 11. oktober

Laurdag var sjølvaste NRK med på teinetrekking kl 13 (ein time seinare enn vanleg) for å lage innslag til Ukeslutt på P1. Då var det ingen humrar i teina, men to torskar på på 35,5 og 43 cm som var tiltrekte av stillehavsøsters i agnboksen. Innslaget kan du høyre her: Ukeslutt - NRK Radio

Søndag kom det inn ei ho på 31,5 cm, og måndag fekk teina besøk av den så langt største hummaren i år: ein hann på heile  40,6 cm. Fangststatistikken er oppdatert.

Lene har no egna teina med makrell i tomat i agnboksen – og ein ekstra agnpose med fersk makrell etter ønske frå ein sjåar.


Fredag 8. oktober

Tom teine. Lene har bytta ut leikebiler med Kaptein Sabeltann, og skifta agn til Stillehavsøsters. Laurdag blir teina trekt kl 13!

Her kan du sjå nokon høgdepunkt frå første veke:


Torsdag 7. oktober

Onsdag fann to fine torskar vegen inn i teina. Begge fann også vegen ut att – den siste rett før teina blei trekt torsdag kl 12. Då var det blitt trangt i teina, med tre humrar i tillegg til den store torsken (etter sørlandsforhold).

– Det er ikkje uvanleg at vi får torsk i teinene, men vi har ikkje pleid å få så stor torsk i tv-teina vår, seier Lene Christensen.

Alle dei tre humrane var hoer, og alle hadde vore fanga tidlegare. Ein hadde rogn. Den eine var på besøk heile tre gonger under Hummerteina live i 2019. Ein annan har forskarane registrert tre gonger tidlgeare, første gong heilt tilbake i 2013. På dei åtte åra har hummaren vakse frå 25,8 til 34 centimeter.

Figuren frå i går er blitt bytta ut med ein leiketraktor og ein leikelastebil, og agnboksen er fylt på med meir reker!


Onsdag 6. oktober

Tom teine. Lene har no skiftet tilbake til oransje filter på lyset. Leikebilen blei erstattet med ein dyrefigur som to søte jenter som kom på kaia hadde med seg. Egna med makrell og rå reker.


Tysdag 5. oktober

Lyset blei i natt bytta til blått etter ønske frå sjåarar. Det blir spanande å sjå korleis det ser ut i natt.

Det kan verka som om krabbe kanskje ikkje var tingen, så nå prøver Lene med makrell som agn. Den raude ferrarien er òg tilbake i teina.

Dagens hummar var 33,2 cm og veide 1450 gram. Fangststatistikken er oppdatert.


Måndag 4. oktober

Årets første hummar gjekk inn i teina natt til laurdag 2. oktober kl 04.27: ein hann på 1 kg og  29,3 cm. Denne var tidlegare registrert og merka av forskarane i 2019, då han blei målt til 26,6 cm.  

Natt til søndag kom det tre humrar i teina; den største av dei på nesten 3 kg og 39,1 cm, med ei knuseklo på 9,8 cm. Denne har etter kvart blitt ein gammal kjenning for forskarane i Flødevigen: han blei registrert både i 2015, 2016, 2017, 2018 og 2019! Etter eit års pause var han altså tilbake i år.

Måndag morgon var det to humrar i teina, ein hann og ei ho. Begge var med i Hummerteina live også i 2020, og har tydelegvis fått smaken på kjendislivet...  Då teina blei sett uti igjen, var ho egna med kokte reker. I dette skjemaet kan du følge med på fangsten som blir registrert dagleg, og kva som er brukt som agn.

Eit lite glimt frå første helga i teina:

 


Tysdag 12. oktober

Krabbar er tydelegvis glade i makrell i tomat! Fire krabbar i teina: tre hoer og ein hann. Ingen humrar.