Gå til hovedinnhold

Studie: Tobislarvar blei ikkje forstyrra av straumkablar

Store vindparkar er utbygde eller planlagde i Nordsjøen. No har forskarane sjekka om magnetfelt frå kablane kan påverka tobislarvar.

– Tobis eller havsil er ein viktig art i økosystemet i Nordsjøen, og larvane driv i område der det er planlagt vindparkar, fortel postdoktor Alessandro Cresci ved Havforskingsinstituttet (HI).

– Likevel har det mangla informasjon om korleis og i kva grad magnetfelt frå sjøkablane som forbind havvindparkar påverkar tobislarvar, eller fiskelarvar generelt.

Cresci har leia studien, ein av dei første i sitt slag, som gir viktig ny informasjon til vidare planlegging av vindkraft til havs.

Havkablar produserer magnetiske felt

Vindparkar er forbunde med kvarandre og til land med eit nettverk av undersjøiske kablar som transporterer elektrisitet. Med fleire vindparkar blir det også fleire slike kablar.

Fordi desse kablane produserer magnetiske felt, er det bekymring for at dei kan skada eller forstyrra åtferda til dyr i havet, inkludert dei sårbare tidlege livsstadia til fisk.

– Med denne studien ønskte vi å forstå om magnetiske felt produsert av undersjøiske kablar som forbind vindparkar ville trekka til seg eller støyta frå seg tobislarvar, og om det ville påverka symjinga deira. Slike effektar kan ha innverknad på overlevinga til fisken, seier Cresci.

Les også: Skal finne ut om fiskelarvar blir forstyrra av vindkraft

Fann ingen bevis på forstyrring

For å sjå om dei kunne finna prov på slike effektar, sette forskarane opp eit eksperiment der larvane vart utsette for eit magnetfelt i ein mørk tank. Eit infraraudt-følsamt kamera fanga åtferda til larvane. Konklusjonen var klar:

– Tobislarvane blei verken tiltrekte eller fråstøytte av magnetfeltet. Dei endra heller ikkje svømmeåtferd, seier Alessandro Cresci.

Han forklarer korleis dei utførte eksperimentet:

– Vi brukte parallelle elektriske spolar til å laga eit magnetfelt i ein tank, der larva svømte fritt. Intensiteten til det magnetiske feltet var tilsvarande det som blir produsert av undersjøiske kablane som forbind vindparkar. Eksperimentet blei utført i mørket for at larvane ikkje skulle ha nokre andre signal å følgja utanom magnetfeltet.

Andre artar kan bli påverka

Studien, publisert i tidsskriftet Marine Environmental Research, gir unike data om den potensielle påverknaden av sjøkablar på ein økologisk nøkkelart i Nordsjøen.

– Sjølv om vi ikkje fann nokon innverknad av menneskeskapte magnetiske felt frå sjøkablar på tobis, er det mogleg at desse felta kan påverka andre fiskelarvar, understrekar Cresci.

Nokon fiskeartar i Nordsjøen er nemleg meir kjenslevare for jordas magnetfelt og bruker det til orientering og migrasjon.

– Til dømes har vi vist i tidlegare forsking at hyse brukar eit magnetisk kompass for å orientera seg i havet på larvestadiet. Det er mogleg at slike artar kan bli påverka av undervasskablane, seier postdoktoren.

Les også: Hysa har innebygd kompass

Forskar på tobis og miljøeffektar

Studien er ein del av eit større HI-prosjekt som ser på effektar av havvindindustri på tidlege livsstadium av fisk. Seinare i dette prosjektet vil forskarane ta for seg larvar av andre nøkkelartar som torsk og hyse, for å sjå om dei blir påverka av sjøkablar. Prosjektet undersøker òg moglege effektar av støy frå vindkraftverk.

Studien bidrar i tillegg til eit anna forskingsprosjekt som går spesifikt på tobis, KnowSandeel.

– KnowSandeel er eit samarbeidsprosjekt med energiindustrien, som skal fylla kunnskapshola knytt til tobisen si sårbarheit for menneskelege aktivitetar, seier prosjektleiar Espen Johnsen.

– Denne kunnskapen er viktig for rådgiving om økosystembasert forvalting knytt til oljeindustri, fiskeri og vindkraft.

Les også: Tobisen har det greitt i sør, men ikkje på belasta Vikingbanken

Referanse

Cresci, Alessandro Prescilla Perrichon, Caroline M.F. Durif, Elin Sørhus, Espen Johnsen, Reidun Bjelland, Torkel Larsen, Anne Berit Skiftesvik og Howard I. Browman. «Magnetic fields generated by the DC cables of offshore wind farms have no effect on spatial distribution or swimming behavior of lesser sandeel larvae (Ammodytes marinus)». Marine Environmental Research 176, 105609 (2022). Lenke: doi.org/10.1016/j.marenvres.2022.105609