Gå til hovedinnhold

Har foreslått nye yttergrenser på produksjonsområda


Kart som viser forslag til nye yttergrenser.

Forslag til yttergrenser for produksjonsområdene. Den tynne røde linjen er grunnlinjen.

Produksjonsområda for lakseoppdrett skal hindre spreiing av lakselus mellom kvart område. No har vi foreslått nye yttergrenser som tar omsyn til lusespreiing frå oppdrett til havs.

– Då vi foreslo grensene for produksjonsområda, vurderte vi kvar grensene mellom dei burde plasserast for å gi minst mogleg overføring av lakselus mellom to område. Det blei lagt mindre vekt på kvar yttergrensa skulle leggjast, seier havforskar Bjørn Ådlandsvik.

No som det er aktuelt med havbruk til havs, har det også blitt behov for ei grundigare vurdering av yttergrensene:

– Sidan lakselus blir spreidde med straumane, er det viktig å sjå på korleis dei spreier seg utover også når anlegg blir plassert langt frå kysten, seier han.

Spreier seg frå havet til andre produksjonsområde

– Oppdrett til havs kan utveksle smitte av lakselus med anlegg langs kysten. Difor bør tildeling av lokalitetar til havs vurderast opp mot luseforholda i produksjonsområda, seier havforskaren. 

Modelleringane av spreiing frå dei forskjellige områda som er aktuelle for havbasert oppdrett, viser altså at det hovudsakleg er to typar spreiing som kan bli eit problem:

  • spreiing mellom havanlegga
  • spreiing frå havanlegga og inn mot kysten

Dette peikar mot å leggje yttergrensene langt til havs. 

– På den andre sida vil straumen føre smitte frå havanlegg mot kysten lenger nord, ofte i neste produksjonsområde, seier Ådlandsvik. 

Sidan det er viktig at produksjonsområda er mest mogleg isolerte frå kvarandre med omsyn til lakselus, foreslår Havforskingsinstituttet å trekkje yttergrensene nærare land.

– I vårt forslag til yttergrenser for produksjonsområda har vi lagt grensene slik at det skal bli minst mogeleg spreiing til nabo-områda, avsluttar Ådlandsvik.

Referanse: 

Ådlandsvik, Bjørn. Havbruk til havs – yttergrense for produksjonsområdene. Rapport fra havforskningen 2022-2 (2022).