Gå til hovedinnhold

Skal finne ut om klimaendringar kan påverke framtidas sjømat


Hav og torsk som svømmer

I det nye tverrfaglege prosjektet vil HI-forskarane sjå inn i framtida ved hjelp av avanserte modellar.

Fotograf: Paolo Cipriani/ Erling Svensen/Havforskningsinstituttet

Når havet blir varmare, forflyttar fisk seg og får nye matvanar. Nytt HI-leia prosjekt skal finne ut korleis det vil påverke sjømaten vi et i framtida.

Forsking viser allereie at økosystema i havet er i endring på grunn av eit varmare klima, spesielt i nordområda våre.

Barentshavet er oppvekststaden til mange av våre kommersielt viktigaste fiskeartar. No vil HI-forskarar finne ut korleis klimaendringar kan påverke innhaldet av næringsstoff og miljøgifter i heile næringskjeda – frå planteplankton til sjømaten vi et.

Vil sjå inn i framtida

Høgare temperaturar i Barentshavet gjer at arktiske fiskeslag trekkjer nordover, medan atlantiske artar utvidar leveområdet sitt nordover og austover. Fisken får nye matvanar, og det kan påverke kva sjømaten vi et, inneheld.   

– Også endringar i tilførsel av forureining, lokalt og transportert via havstraumar, kan påverke kor mykje miljøgifter ein finn i fisken, fortel Monica Sanden, prosjektleiar og forskingssjef ved Havforskingsinstituttet.

Forskarane skal òg finne ut om til dømes auka temperaturar og surare hav vil påverke innhaldet av miljøgifter i fisk, og dermed kor sunn og trygg sjømaten vil vere i framtida.

Avanserte modellar skal gje svar

I det nye tverrfaglege prosjektet skal oseanografar, toksikologar og ernæringsforskarar jobbe tett saman.

Fire av prosjektlederne ved HI som er med.
Prosjektet skal gå over fem år, og er eit samarbeid med fleire internasjonale institutt. Monica Sanden er prosjekleiar, og fire HI-forskarar leiar kvar sin arbeidspakke, f.v.: Sonnic Meier, Monica Sanden, Morten Skogen og Josef Rasinger. (Lise Madsen var ikkje til stades på bildet) Foto: Charlotte Muri/HI

For å sjå inn i framtida skal dei bruke avanserte økosystemmodellar som HI allereie har laga, og vidareutvikle dei med nye modellar som tek inn miljøgifter.  

– Vi har allereie mykje gode data på nivå av miljøgifter i mange artar i Barentshavet, men vi treng meir, særleg frå organismane nedst i næringskjeda. Difor skal vi ta prøvar av alt frå sediment og plankton til ulike fiskeartar, og analysere dei for både kjende og ukjende miljøgifter, forklarer Sanden.

Resultata går inn i modellane, som skal fungera omtrent som ei vêrmelding. Modellar er viktige verktøy forskarane bruker for å finne ut korleis noko kan utvikle seg i framtida.

Skal sjå nærare på helseeffektar

– Når vi er fornøgde med dei nye modellane, skal klimamodellar byggjast inn, og då kan vi blant anna bruke desse til å seie noko om innhaldet av kvikksølv i torsk eller PCB i makrell om hundre år, seier forskingssjefen.

Ut ifrå det forskarane finn gjennom økosystem-modelleringa, skal dei òg sjå nærare på eventuelle forskjellar på dagens og framtidas sjømat.

– Vi skal gjere forsøk med mus som blir fôra med ulike typar sjømat, og målet er å finne ut om det er forskjellar i helseeffektar, forklarar ho.