Gå til hovedinnhold

Korallrev som veks ut over havbotnen. Den raude sjøtre-korallen stikk opp i framkant, medan små svampar er spredt utover revet.

Korallrev oppbygd av steinkorall. Den raude korallen er eit sjøtre, medan gule svampar veks spredt utover revet. Dette revet blei filma i 2007, då kartlegginga gjennom Mareano-programmet nyleg hadde starta.

Fotograf: Mareano / Havforskingsinstituttet

Tusenvis av korallrev utanfor Noreg

Sannsynlegvis er det titusenvis av små og store korallrev utanfor Noreg. Det betyr at dei truleg har ei større rolle i økosystemet enn vi har trudd til no.

– Då vi byrja filme korallrev på 1990-talet, så trudde vi at dei var veldig sjeldne oasar. Etter fleire år med kartlegging veit vi no at det er titusenvis av dei. Dermed har dei truleg også høgare økologisk verdi enn vi trudde for få år sidan, fortel havforskar og korallekspert Pål Buhl-Mortensen.

Berre i fjor kartla han 44 nye korallrev saman med dei andre i Mareano-programmet på tokt utanfor Midt-Noreg.

På kartet under kan du sjå kor det er verna korallområde (raude boksar), identifiserte korallområde (grøne) og korallrev (oransje prikkar), kartet er henta frå mareano.no:

Kart over korallar
Kart som viser kvar det er funne korallar utanfor Noreg. Sjå nærare på kartet.

20 meter høge korallrev

Desse reva har typisk ei utstrekning på om lag 100X100 meter, og ei høgd frå fot til topp på 15 til 20 meter. Det finst òg rev som er større med lengder på opp mot ein kilometer og høgd opptil 35 meter.

- Korallar trivst ikkje overalt på havbotnen, i havområda utanfor Noreg finst dei i atlantisk vatn, og er vanlegast på kupert havbotn der det også er hardt underlag som korall-larvane kan slå seg ned på, seier han.

Uer som svømmer mellom koraller.
Ein uer svømmer rundt mellom ulike korall-artar. Dei kvite korallane er steinkorallen Lophelia, mens dei oransje er risengrynkorall. Dette biletet er frå eit av reva som blei kartlagt i fjor.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Hadde avslørt reva på førehand

Det var ikkje overraskande for forskarane å få bekrefta at dei 44 reva eksisterte, havbotnen var frå før kartlagt med avanserte multistråleekkolodd.

– I Mareano detaljkartlegg vi korleis havbotnen ser ut før vi avgjer korleis vi skal fordele lokalitetane som skal kartleggjast med tanke på geologi, biologi og forureining.

Dermed har forskarane forholdsvis god kontroll på om dei kjem til å finne korallrev eller ikkje. I alle fall for dei store karakteristiske revformene. Dei mindre formene kan vere vanskelege å skilje frå andre botnformasjonar, t.d. steinhaugar eller klippeframspring.

– Det er kartleggingane med ekkolodd som gjer at vi kan seie at det er titusenvis av korallrev langs kysten vår. Men vi kan ikkje seie noko om tilstanden til dei ulike reva før vi har observert dei ved hjelp av videokamera, det skuldast at kvart rev er bygd opp av både daude og levande korallar, forklarar eksperten.

God tilstand ute i havet

Generelt er tilstanden på korallreva i norske farvatn god, men i nokre område er reva i stor grad øydelagde av botntråling.

– Slike øydelagde rev er vanlegast å finne i område som har vore mykje tråla tidlegare, til dømes nær kanten av Storegga, seier Buhl-Mortensen.

I tillegg er rev i nokre område, spesielt i fjordane og nær kysten, ofte dekka av eit «støvlag». Det var også tilfellet med nokre av dei 44 reva som blei observerte i fjor.

– Vi ser at reva som er ute i havet stort sett ser friske ut, dei har klar farge og er sjeldan dekt av «støv». Nærare kysten og i fjordane ser vi oftare at reva er dekka med eit slags støv. Vi veit ikkje om dette er naturleg, til dømes på grunn av avrenning frå land, eller om det kjem av menneskeleg aktivitet, avsluttar Pål Buhl-Mortensen.

Fann vrak frå 1913

Medan forskarane var på jakt etter korallar, kom dei over vraket av eit skip som hadde vore sakna sidan 1913. Det kan du lese meir om her: Havforskerne har oppdaget savnet skipsvrak fra 1913

Lophelia rev med blomk lkor (1)

Vil du lære meir?

Les om:

 

 

Sidepanel

norsk-korall.png