Gå til hovedinnhold

Barentshavet: Tilrår loddekvote på opptil 62.000 tonn i 2023


Nærbilde av loddefangst

Loddeveksten har det siste året har vore svært svak.

Låg vekst hos lodda og manglande toktdekning på russisk side gjer at kvoterådet blir lågare enn i fjor.

Heile førre veke var norske og russiske forskarar samla digitalt for å utarbeide det bilaterale kvoterådet for lodde i Barentshavet i 2023.

(Les kvifor det ikkje går via det internasjonale havforskingsrådet ICES: – Eit tilnærma normalt kvoteråd)

Svak loddevekst siste år

Loddeveksten har det siste året har vore svært svak. Norske og russiske havforskarar meiner likevel det er forsvarleg å fiske opptil 62.000 tonn lodde i 2023.

2019-årsklassen var i fjor ein av dei mest talrike som nokon gong er målt. Men vekt og lengd for både denne årsklassen og for 2020-årsklassen var i år blant dei lågaste som nokon gong er målt.

– Den norske sona blei godt dekt og danna utgangspunkt for rådet. Vi berekna bestanden i dekningsområdet til om lag 2,2 millionar tonn, seier havforskar Georg Skaret.

Han sit i den norsk-russiske forskargruppa som gir kvoteråda i år. 

Ukjent mengd i russisk sone

Det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet er den viktigaste kjelda til kunnskap om loddebestanden.

– Grunna tekniske problem med det russiske fartøyet fekk vi i år inga dekning i russisk sone. Det gjorde arbeidet meir krevjande, seier Skaret.

Lodde er ein kortlivd art, og utbreiinga varierer kraftig frå år til år ut frå storleiken på bestanden, alderssamansetting og temperatur.

– Sidan mengda lodde i russisk sone var ukjent i år, har vi sett til år med liknande loddeutbreiing og alderssamansetting i norsk sone. Så har vi lagt dei til grunn for rådet for å kompensere for årets manglande dekning i russisk sone, forklarer Skaret.

Kart som visar at den norske sona vart godt dekka, og denne dekninga danna dermed utgangspunkt for rådet.
Kartet viser dekninga i den norske sona, som danna utgangspunkt for kvoterådet.

Forskarane undersøkte også ei alternativ tilnærming med å framskrive bestanden basert på fjorårets målingar. Det gav eit liknande resultat.

– Den manglande dekninga fører til større usikkerheit i anslaga våre, og dette er reflektert i rådet, seier Skaret.

Denne veka møtest Norge og Russland til digitalt møte i den norsk-russiske fiskerikommisjon og loddekvota for neste år vil då endeleg bli fastsett.