Gå til hovedinnhold

Etneelva live: Følg laksen kome heim

Undervass-strau­men frå Etneelva har star­ta sen­din­ga for se­son­gen.

Det er berre å finne fram godstolen og slå seg ned: Omsider er direktestraumen frå Etneelva på plass. No kan du følgje laksen kome heim! 

Live-sen­din­ga er ein like stor suk­sess kvart einaste år.

Pro­sjekt­lei­ar og for­skar Øy­stein Skaa­la for­tel at sak­te-TV med laks i ho­vud­rol­la hu­kar langt flei­re enn ber­re iv­ri­ge fis­ka­rar på kro­ken.

– Når ein ser 100 villak­sar og sjø­au­rar på veg opp, så vert man­ge fa­sci­ner­te. Det er ik­kje ein film som vart te­ken for tre år si­dan, men «oi, det­te skjer no»!

Her er direktelenkje til livestraumen frå Etne! 

Røm­lin­gar får ik­kje for­styr­re kjær­leiks­even­ty­ret

Det er ti år si­dan den 40 me­ter breie flyteristfella for før­ste gong kom på plass ved felt­sta­sjo­nen i Etne.

Det sær­skil­de med fel­la er at så godt som all oppvandrande fisk lyt gjen­nom «gren­se­kon­trol­len». Før dei slepp vi­da­re, ins­pi­se­rer fors­kings­tek­ni­ka­ra­ne våre kvar einaste fisk nøye.

Dei re­gi­stre­rer mel­lom anna lengd, vekt og al­der, og tek ein DNA-prø­ve frå alle fis­ka­ne – også om rømt opp­dretts­fisk el­ler puk­kel­laks har gått i fel­la.

– Men er du ein puk­kel­laks el­ler ein røm­ling, vert du et­ter­på av­li­va og te­ken ut av bes­tan­den. Det er for å sik­re at det ik­kje kjem uvedkomande inn i kjær­leiks­even­ty­ret, sei­er Skaa­la.

Villak­sen og sjø­au­ren vert var­samt sett ut att i elva, for å hal­de fram sym­je­tu­ren opp til gy­te­plas­sa­ne – der dei skal ska­pe fram­ti­di­ge ge­ne­ra­sjo­nar.

Ei skat­te­kis­te

Felt­sta­sjo­nen re­gi­stre­rer så­leis ko­los­sa­le meng­der data. HI får ab­so­lut­te tal for både lo­kal vill­fisk og rømt opp­dretts­fisk, i til­legg til anna do­ku­men­ta­sjon.

– Det er det mest nøy­ak­ti­ge og om­fat­tan­de må­le­punk­tet i Europa for å seie noko om dei vil­le bes­tan­da­ne av lak­se­fisk, sei­er fors­ka­ren en­tu­si­as­tisk.

Det er rett og slett ei skat­te­kis­te.

– Det­te er ik­kje noko som skjer på kvart eit ga­te­hjør­ne!

I år er det ven­ta stor­inn­rykk av puk­kel­laks, så Skaa­la er fryk­te­leg spent på årets fel­le­fangst.

Når kjem før­ste lak­sen?

Til no har in­gen lak­sar kome heim. På felt­sta­sjo­nen star­ta tip­pe­kon­kur­ran­sen med det same fis­ke­fel­la vart sett ut, ons­dag 12. ap­ril.

Spen­nin­ga stig for kvar dag som går.

I fjor kom årets før­ste laks natt til 26. ap­ril. Det var ei ho­laks på 92 cen­ti­me­ter og 6,95 kilo, som
had­de kome heim for å gyte for al­ler før­ste gong.