Tema: Rømt fisk og genetisk påvirkning

oppdrettslaks

Rømt laks vert rekna som ei av dei største miljøutfordringane til norsk oppdrettsnæring. Det er difor ein stor forskingsinnsats på dette feltet.

Havforskingsinstituttet har særleg konsentrert innsatsen på tre problemstillingar:

  • Kor mykje rømt fisk er det i norske vassdrag?
  • Korleis påverkar rømlingane dei ville bestandane?
  • Identifisering av opphavet til urapporterte rømmingsepisodar

Kor mykje rømt fisk er det i norske vassdrag?

Det meste av den rømte fisken går ikkje opp i vassdraga, men sidan det er endringar i villaksen sine naturlege eigenskapar ein er mest bekymra for, er det i vassdraga overvakinga av rømt laks føregår.

Registreringa av rømt fisk i norske vassdrag er ein omfattande aktivitet som Havforskingsinstituttet leiar i godt samarbeid med ei rekkje fagmiljø. I 2018 vart det gjennomført registreringar i 205 vassdrag. Det blir nytta fleire ulike metodar, som registreringar via sportsfisket, drivteljingar, fiske knytt til uttak av rømlingar om hausten og til stamfisk der dette føregår. Ein del stader føregår det også registrering i fisketrapper og fiskefeller.

Den omfattande aktiviteten medfører at vi har svært god oversikt over mengda rømt fisk i vassdraga og korleis dette varierer frå år til år.

Parallelt med dette arbeidet, gjennomfører NINA genetiske undersøkingar i utvalde laksebestandar. Det gir gode estimat på omfanget av genetisk endring i villbestandane som følgje av innkryssing av genmateriale frå rømt oppdrettslaks. Dette er svært viktig tilleggsinformasjon, sidan mykje av den rømte fisken ikkje er kjønnsmoden, og heller ikkje rekk å modna i naturen før han døyr, og difor heller ikkje medfører genetiske endringar.

Samstundes er det slik at når kjønnsmodne rømlingar vandrar opp og gyter i ein villaksbestand, akkumulerer endringane seg.

Korleis påverkar rømlingane dei ville bestandane?

Dei siste 25 åra er det gjennomført fleire store undersøkingar som viser konsekvensar av at rømt fisk gyter med villaksen og overfører genmateriale inn i villbestandane. Dei viser i hovudsak det same: Avkomet til oppdrettslaks har dårlegare overleving enn villaks både i ferskvatn og i hav. Oftast, men ikkje alltid, ligg kryssingane ein stad imellom.

Ungane til rømlingar konkurrerer med ungane til villaksen og dei avgrensa næringsressursane som er å finna i elva. Slik konkurranse vil i seg sjølv redusere produksjonen av villsmolt. Når rømlingane i tillegg kryssar seg med villaks slik at det skjer ei endring av villaksen sine eigenskapar, gir også dette redusert overlevingsevne og difor redusert smoltproduksjon. Med redusert smoltproduksjon og redusert overlevingsevne i havet følgjer redusert mengde gytefisk. Det er også vist at når tettleiken av villfisk er høg, har oppdrettsfisken lågare suksess, både under gytinga og gjennom oppveksten i elva. Med utgangspunkt i både biologi og evolusjon, er dette eigentleg akkurat som venta.

Sporing av urapporterte rømmingsepisodar

Med ujamne mellomrom blir det oppdaga auka førekomstar av rømt fisk i elv eller sjø. I mange tilfelle har desse opphav i rapporterte rømmingsepisodar, men innimellom førekjem det episodar der ingen oppdrettarar påtek seg ansvar for den rømte fisken. Det kan skuldast at ingen er merksame på at dei har mista fisk eller brot på rapporteringsprosedyre. I slike tilfelle ønskjer forvaltinga å finna ut kor rømlingane kjem frå og kva som er årsak til rømminga. Når ein finn årsaka til ei rømming, kan ein læra og dermed forbetra driftsrutinane.

Havforskingsinstituttet har difor i nært samarbeid med fiskeriforvaltinga utvikla ein metode for sporing av rømlingar, DNA Beredskapsmetoden. Denne metoden baserer seg på laksen sin genetiske variasjon, og på samanlikning av genetiske profilar på den rømte fisken og oppdrettslaksen som står i oppdrettsanlegga innanfor ein viss radius. Den føreset ingen merking og heller ikkje databasar med informasjon om genetikk eller logistikk. Metoden er difor svært kostnadseffektiv og har blitt brukt i eit 30-tals episodar på bestilling frå Fiskeridirektoratet.