Gå til hovedinnhold

Datasimulering: Hardangerfjorden har nok næring til storskala blåskjeldyrking


foto av blåskjell under vann

Bestanden av ville blåskjel i Hardangerfjorden er berekna å vere kring 14 000 tonn.

Fotograf: Arnbjørg Aagesen / Havforskningsinstituttet

– Men ikkje utan konsekvensar for økosystemet, seier forskar.

I ein ny studie har havforskarane simulert seks senario for storskala blåskjeldyrking i Hardangerfjorden – opptil 200 000 tonn. Det er ei hundredobling av dagens samla norske produksjon, og 10-15 gonger så mange skjel som den ville bestanden i Hardangerfjorden.

Hovudmålet var å finne ut om fjorden har evne til å «mate» så mange skjel.

– Svaret på det er ja. Men ikkje utan miljøkonsekvensar, seier forskar Øivind Strand.

Åt opp maten til dyreplankton

– I det største senario ser vi at blåskjela gjer eit monaleg innhogg i planteplanktonet i fjorden. Det påverkar igjen mengda dyreplankton, fordi skjela et opp maten deira, forklarer han.

Dyreplankton er for eksempel hoppekreps og kril.

Som ein konsekvens av alle skjela blei det inntil 33 prosent mindre dyreplankton i delar av fjorden. Som igjen kan påverke fiskar og andre dyr høgare opp i næringskjeda.

Etter det første året avtok veksten til skjela fleire stader, grunna meir konkurranse om maten. 

Skjel til fôr kan bli hausta tidlegare

Det er to grunnar til å dyrke meir blåskjel:

  • Folk må ete – og helst meir berekraftig mat lågt i næringskjeda, som skjel.
  • Oppdrettslaks må ete – og helst fôr av lokale råvarer i motsetnad til langimportert soya.

– For at blåskjel skal kunne vere ei reell råvare til fôr, må du nok opp i såpass volum som dei høgaste senarioa våre, seier Strand.

– Men ein fordel med å sikte seg inn på fôr er at blåskjela har størst vekst og passande storleik etter eitt år. For å bli menneskemat, må skjela bli større, og då treng dei to år på baken, fortset han.

Han understrekar at målet med denne studien var å undersøke kva som kan skje med økosystemet i ein fjord med ein såpass stor produksjon.

– Det går naturlegvis an å spreie produksjonen til andre deler av kysten, seier Strand.

Plassering er alfa og omega

Forskarane simulerte seg også fram til den beste plasseringa av anlegga.

For at skjela skal få maten dei treng, må det vere nok gjennomstrøyming av vatn.

– Med høg produksjon, ser vi at skjela faktisk kan svelte ihel ein plass, mens det kan vere gode forhold nokre kilometer nord eller sør. Tida det tar å vekse seg store varierer også frå plass til plass, seier Øivind Strand.

kart over blåskjelllokaliteter

Illustrasjonen viser om skjela treng eitt (blå) eller to år (raud) for å bli store nok til hausting til fôr på ulike stader i fjordsystemet. Dette er under scenario 4 – det nest høgaste volumet av blåskjel. (Ill: Morten Skogen / HI)

Han meiner dagens datamodellar gir viktig kunnskapsgrunnlag for å lykkast med dyrking av blåskjel og andre såkalla lågtrofiske artar.

– Det at vi kan sjå kor godt eigna eit område er for blåskjeldyrking, er ein klar game changer, seier Strand.

– Ein utfordring er at blåskjeldyrking krev mange av dei same miljøforholda som fiskeoppdrett. Dermed kan skjela måtte konkurrere med oppdrettsanlegga i kamp om dei beste plassane, fortset han.

Gjødsel frå oppdrettsanlegg hadde lite å seie for fjorden

Og apropos oppdrettsanlegg, så ville forskarane også undersøke i kva grad dei kunne vere gunstige for veksten til blåskjela.

Anlegga er nemleg ei kjelde til gjødsling av fjorden frå avføringa til fiskane. I teorien kan dette gjere at det veks meir planteplankton. Men kor mykje har det eigentleg å seie? 

– Veldig lite. Som eit eksperiment fjerna vi alle oppdrettsanlegga, og konklusjonen vår var at gjødslinga bidrog til mindre enn to prosent av planteplanktonet i fjorden, seier Øivind Strand.

Datasimuleringar har sine avgrensingar

Han legg til at det heile er ein datamodellstudie, med sine klare begrensningar. 

Forskarane har for eksempel lagt til grunn at alle blåskjelanlegga blir sett i sjøen på nøyaktig same tidspunkt.

Modellen tar heller ikkje høgd for at planteplankton kjem i ulike storleikar. Nokre er for små til at blåskjel kan ete dei.

– Ein modell hjelper oss å forstå store samanhengar i økosystemet. Det viktigaste funnet vårt er at storskala blåskjeldyrking er mogleg i Hardangerfjorden, men at det påverkar mattilgangen i fjordsystemet. Dette vil vi undersøke nærmare, avsluttar Strand.

Referanse

Gatti, Paul, Antonio Agüera, Shuang Gao, Øivind Strand, Tore Strohmeier, and Morten D. Skogen. "Mussel farming production capacity and food web interactions in a mesotrophic environment." Aquaculture Environment Interactions 15 (2023): 1-18. https://doi.org/10.3354/aei00448