Gå til hovedinnhold

"Plaststeinar" kan føre til fleire millionar mikroplast-partiklar på avvege


Dette er ein av plaststeinane som er undersøkte. Steinen har ein plastfilm klebra til overflata.

Dette er ein av «plaststeinane». 

Fotograf: Deyi Hou & Liuwei Wang/Tsinghua University

For første gong har forskarar påvist kjemiske bindingar mellom steinar og plast. Slike «plaststeinar» kan verte ei superkjelde til mikroplast-forureining. 
 

Har du nokosinne teke ein spasertur langs ein bekk, og sett søppel liggje i elvekanten? Det er dårleg nytt.

For første gong har forskarar nemleg påvist at steinar og plast kan danne kjemiske band til kvarandre. Desse plastdekte steinane kan verte ei kjelde til storskala mikroplast-forureining. 

– Dette viser i kor stor grad menneske påverkar planeten med plastsøppel og kjemikaliar, seier havforskar Michael Bank, som er medforfattar av studien. 

Plastsøppel 

Steinane som vart undersøkte er funne langs ei elv i den kinesiske byen Hechi. 

Plastdekket stammar frå søppel i og rundt elva – inkludert polypropylen, som vert brukt til plastposar og polyetylen-film, som lokale bønder bruker til å dekkje til avlingane sine. 

Det kjemiske bandet mellom stein og plast kan ha vorte danna med hjelp av UV-lys frå sola eller av mikrobane – mikroorganismar – på plasten. 

Superspreiar

For å finne ut kor mykje mikroplast som kan losne frå steinane, vart «plaststeinane» utsette for våt-tørr-syklusar. Dei vart først gjort våte, før dei så tørka igjen – som når ei elv tidvis fløymer over. 

Forsøka synte at berre éin kvadratmeter med plastdekt stein kan føre til at millionar av mikroplast-partiklar og milliardar av nanoplast-partiklar slepp ut i miljøet. 

– Dei var ei superkjelde til frigjering av mikroplast, seier Bank. 

Forskarane rapporterte at mikroplast vart generert og frigjort frå slike «plaststeinar» mykje hurtigare enn det som er utsleppsraten frå deponi, sjøvatn og marine sediment. Resultatet er publisert i ein vitskapeleg artikkel i det prestisjetunge Environmental Science & Technology. Studien prydar framsida på tidsskriftet si maiutgåve. 

Elvene som transportåre

På ferda frå land til kystnære marine økosystem, spelar elvene ei nøkkelrolle. 

– Elver er viktige transportårer for mange typar forureining, inkludert mikroplast og nanoplast. Dei bind økosystem på land og i havet saman, seier havforskaren og legg til: 

– Elveøkosystem kan også overføre betydelege mengder av andre typar kritisk forureining til kystsoner, inkludert PFOS-PFOA-forbindingar, kvikksølv, PCB og avrenning frå landbruket. 

Mikro- og nanoplast kan vere både ein fysisk og ein kjemisk trugsel for organismar som bur i elveslettene eller dyre- og plantelivet som bur nedstraums i marine økosystem. 

For seint når plasten når havet

Estimat frå FN tyder på at opp til 80 prosent av plastforureininga i havet stammar frå landbaserte kjelder. I løpet av 2024 skal verdas land ferdigstille ei internasjonal avtale mot plastforureining. 

– Det er viktig å handtere plasten før han når havet, understrekar Bank. 

– Om plasten først når dei marine økosystema, er det nesten umogleg å få fatt i han igjen. Ein har mykje betre mogelegheiter for å takle problemet i elvar og i dammar. 

Referanse:

Wang L., M.S. Bank, J. Rinklebe, and D. Hou. 2023. Plastic-Rock Complexes as Hotspots for Microplastic Generation. Environmental Science and Technology 57, 7009–7017. doi: 10.1021/acs.est.3c00662.

Bourzac, K. 2023. Plastic waste found chemically bonded to rocks in China. Nature. doi.org/10.1038/d41586-023-01037-6.