Gå til hovedinnhold

Svakt år for villaksen i Etneelva

Rennende elv. På siden er det satt opp et salgs bur som all fisk ledes inn i. To menn står i dette buret.

I fjor blei det registrert 2684 fisk i fella i Etneelva.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Berre 1095 villaks blei registrert i Etneelva i fjor. I tillegg kom 1543 sjøaure, 23 pukkellaks og 23 rømte oppdrettslaks. Totalt blei det registrert at 2684 fiskar svømte opp i Etneelva i fjor.

– 2023 er eit av dei svakaste åra vi har sett for villaksen sidan registreringane våre starta i 2013, seier Øystein Skaala.

Han leiar Havforskingsinstituttet sitt arbeid ved Fjord- og elvelaboratoriet i Etne i Hardanger.

– Sidan vi overvakar all fisken som svømmer opp i Etneelva, kan vi samanlikne talet på rømlingar over tid, ikkje berre prosentdel, seier Skaala.

Dersom rømt oppdrettslaks gyt saman med villaks, vil det genetiske materialet til villaksen bli påverka av dette.

– I så måte er Etneelva heilt unik, sidan vi her også fjernar rømlingane samtidig som vi registrerer dei, seier han.

Ein fisk med jernstenger bak.
Sjøaure i fiskefella.
Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Ingen rømte laks på gyteplassane

For å vere sikre på at ingen rømlingar slepp gjennom fiskefella, blir det tatt skjelprøver av all fisken. Då kan forskarane kontrollere vekstmønsteret som er ulikt hos villaks og rømlingar.

Skjela vert også brukt til å overvake omfanget av genetisk påverknad, og korleis den varierer over aldersgrupper og over tid.

– Resultata frå 2023 viser at på gyteplassane i Etneelva var det bare villaks i fjor, seier Skaala.

Sjekkar kva som skjer med genane når oppdrettslaksen er vekk

Det er påvist store genetiske endringar på villaksen i Etne som følge av rømt oppdrettslaks. At forskarane kan fjerne alle rømlingane, gjer at vi også kan undersøke korleis naturen eventuelt rekonstruerer genmaterialet i bestanden etter at trusselen om ny påverknad er fjerna.

– Dette er eit pågåande forsøk, så resultata er foreløpig ikkje klare, seier han.

Rømlingane kjem oftast opp i elva seinare enn villfisken

I tillegg følgjer forskarane med på kva tidspunkt villaks, rømlingar, pukkellaks og sjøaure kjem opp elva. Alle fiskane, uavhengig av opphav, har same plan – dei vil opp på gyteplassane.

Oppvandringstidspunkta er til dels ulike, det kan hjelpe med å bestemme avbøtande tiltak i andre elvar.

– I fjor registrerte vi fyrste villaks i veke 19 og den fyrste rømlingen i veke 29. På det tidspunktet hadde omtrent halvparten av villaksen alt vandra opp elva, fortel Skaala.

To fiskar ligg ved sidan av kvarandre.
Ein villfisk og ein oppdrettslaks med typiske teikn på at den er ein rømling, mellom anna slitte finner. Villaksen har lett gytedrakt.

Storlaksen kjem først

Som tidlegare år ser vi at det er dei eldste og største fiskane som kjem først på elva, medan terten dominerte i slutten av oppvandringsforløpet.

Stor variasjon i storleik og kjønnsmodning hos rømlingane

Storleiken på den rømte laksen varierte mykje, frå 0,6 til 6,3 kilo. Av dei 23 registrerte rømlingane som vart tatt i fella, var 39 prosent kjønnsmodne. I tillegg vart det fanga ytterlegare 15 oppdrettslaksar nedanfor fella under uttaksfisket om hausten, av desse var 13 prosent modne.

– Dersom dei kjønnsmodne rømlingane hadde kome fram til gyteplassane, er det ein sjanse for at dei hadde klart å gyte saman med villaksen, seier Skaala.

Referanse

Overvakingsprosjektet er finansiert gjennom OURO (sjå faktaboks).

Kaja Christine Andersen, Per Tommy Fjeldheim, Kevin Glover, Alison Harvey og Øystein Skaala (HI). Rømt og vill fisk i Etneelva 2023 — Resultat fra Fjord- og Elvelaboratoriet i Etne. Rapport fra havforskningen 2024-6.

HTTP/1.0 200 OK Server: Zope/(2.13.22, python 2.7.18, linux2) ZServer/1.1 Date: Sat, 27 Apr 2024 09:26:51 GMT Access-Control-Allow-Headers: x-requested-with,content-type Charset: utf-8 Connection: close Access-Control-Allow-Credentials: True Access-Control-Allow-Origin: * Access-Control-Allow-Methods: GET, OPTIONS Content-Type: text/html Svakt år for villaksen i Etneelva | Havforskningsinstituttet Gå til hovedinnhold