Havforskarane har gjort opp status på tareskogar, restaurering og forvalting i Noreg.
Fotograf: Jonas Thormar / HavforskingsinstituttetPublisert: 28.08.2025
Nesten 60 prosent av verdas tareskogar er i nedgang.
I Nord-Noreg er omtrent 5000 km2 tareskog vekke, og i Skagerrak er mesteparten av sukkertareskogen forsvunne.
Kvar tareskog som går tapt har ein pris – også i kroner og øre.
Stortinget etterlyser ein plan for korleis vi kan snu trenden. No har havforskarane levert dei første svara.
– Tareskogen er oppvekstområde og bustad for eit rikt mangfald av artar. Nokre av desse er truga eller har viktige funksjonar, andre vert seinare fiska på anten kommersielt eller i fritidsfiske, forklarar havforskar Kjell Magnus Norderhaug.
– I tillegg lagrar tareskogen karbon, han produserer oksygen og fjernar overflødige næringssalt frå kystvatnet og marine miljø.
Og verdien av alt dette? 6,9 milliardar kroner i året.
Det kjem fram i den heilt ferske statusrapporten om dei norske tareskogane, der verdioverslaget frå Noreg stammar frå prosjektet GEAK.
Rapporten gjer opp status for den blå skogen frå Skagerrak til Svalbard, og granskar kva som krevst av metodar og frå forvaltinga for å restaurere denne. Les rapporten her.
Av dei fem tareartane i Noreg, er det tre som i hovudsak dannar skog: stortare, sukkertare og fingertare.
Grovt sett kan kystområda i Noreg og på Svalbard verte delt i fire, ifølgje havforskarane.
Forskarane omtalar fjordane separat, då desse er noko litt for seg sjølv. Dei har ein eigen dynamikk og eit eige trugselbilete.
Tilstanden til tareskogane varierer langs kysten, og utfordringane dei møter er ikkje heilt dei same.
– Det er ofte fleire årsaker til at taren forsvinn, men dei har eitt dominerande fellestrekk: dei er forårsaka av menneskeleg påverknad, seier Norderhaug.
Dei største trugslane mot tareskogar i norske farvatn er klimaendringar, avrenning og overfiske.
– Temperatur og lys er nøkkelingrediensar i ein tareskog som trivst. Men marine hetebølgjer fører til temperaturar som er høgare enn kva taren toler og kystvatnet vert mørkare grunna avrenning frå land, forklarar havforskaren.
– Overfiske av artar som er høgt oppe i næringskjeda kan også skape trøbbel som forplantar seg nedover. Færre rovfiskar på topp, kan føre til fleire kråkebollar eller meir lurv.
Forskarane peikar på fordelar og ulemper med restaureringsmetodane som er utforska i Noreg.
Eitt alternativ i nord har vore å bruke brent kalk for å fjerne kråkebollane som et opp skogen. Eit anna har vore å setje ut rovfiskar som steinbit, som knaskar i seg havbotnen si nålepute. I tillegg kjem variantar som handlar om å skape næring, hauste og plukke kråkebollar – og å bruke desse som ein verdifull ressurs.
Andre metodar igjen er retta mot å styrke tareskogen – å setje ut «taregrus», slik at skogen får starthjelp til å vekse, eller å transplantere tare. Marine verneområde er døme på ein meir passiv metode for å restaurere tareskog. Naturen kan reparere seg sjølv, men det vil ta tid.
Eitt hovudtiltak peikar seg ut som det aller viktigaste:
– Det er mykje lettare å forvalte dei friske tareskogane vi har att på ein berekraftig måte, enn å skulle restaurere tareskog som er tapt, seier Norderhaug.
Ei av dei største utfordringane er å finne ein metode som er mogeleg å skalere opp.
Noreg er likevel i ein god posisjon, meiner forskarane, og peikar på at vi har leiande forsking på feltet, private og frivillige aktørar med interesse for restaurering, og aukande fokus frå forvaltinga.
– Likevel er restaurering ein omfattande prosess som tek tid. Det finst ingen mirakelkur for lettvint restaurering, seier Kjell Magnus Norderhaug.
Det vil koste både tid og pengar å restaurere tareskog, men det vil truleg også betale seg.
Europakommisjonen anslår at for kvar euro som vert investert i å restaurere natur, får ein mellom 4 og 38 euro attende.
Havforskarane har rekna ut at dersom ein klarar restaurere all den tapte tareskogen i norske farvatn, vil gevinsten frå økosystemtenestene vere 160 milliardar i løpet av dei neste 30 åra.
– Størst risiko er det om vi ikkje føretar oss noko.