Gå til hovedinnhold

Tareskogar i Arktis: Dei glupske kråkebollane er på veg nordover


En kollasj som viser en kvinne som sitter i baugen på en båt, mens store tareplanter ligger på siden. Det andre bildet viser kråkeboller

– Vi samlar langsiktige og verdifulle data om den arktiske tareskogen. Det er eit vindauge inn mot framtida til desse økosystema, seier havforskar Karen Filbee-Dexter.

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Tareskogen i Kongsfjorden merker beitepresset.

– Knapt noko kystsone i verda endrar seg så raskt som den arktiske, seier havforskar Karen Filbee-Dexter. 

Tidlegare i år var havforskarane på feltarbeid på Svalbard. Der dykka dei ned i dei arktiske tareskogane i Kongsfjorden utanfor Ny-Ålesund. 

– Det er heilt fantastisk å dykke rundt isbrear og eksponerte nes.  

Desse tareskogane er makelause. Dei veks frå foten av isbreane og heilt ut til utanfor fjorden. 

Men økosystemet er i endring. 

Arktiske artar

Tareskogane i Arktis deler mange fellestrekk med tareskogane langs norskekysten – dei rommar eit rikt artsmangfald, produserer oksygen og lagrar karbon. 

Men det er òg viktige skilnadar. 

Langs kysten av fastlandet dominerer stortaren (Laminaria hyperborea). Men i Svalbards tareskogar veks nokre artar som er unike for Arktis. 

– Her er også nokre vanlege tareartar, men desse ser gjerne annleis ut og vert eldre enn taren i tempererte område, seier Filbee-Dexter.

Sjå video frå feltarbeidet: 

Jokeren er klimaendringar

Langs kysten av fastlandet er klimaendringar ein av dei største trugslane mot frodige tareskogar. Marine hetebølgjer kan føre til temperaturar som er høgare enn det taren toler. 

Dette er hovudårsaka til at sukkertareskogen i Skagerrak i stor grad er forsvunnen.

Heller ikkje i Arktis vil tareskogane vere upåverka av klimaendringar. 

– Dei arktiske tareskogane er venta å endre seg og potensielt utvide si utbreiing, grunna mindre isdekke og betre lysforhold, seier havforskaren.

Data som følgjer desse endringane er uhyre sjeldne. 

Feltarbeidet er ein del av «Unge forskertalent»-prosjektet BlueArc. Ein del av dette arbeidet er å undersøke korleis klimaendringane påverkar tareskogen. Havforskarane granskar historiske stasjonar og samlar nye prøver av taren.  

– Området endrar seg raskt – med smeltande isbrear og varmt atlantisk vatn som kjem inn frå dei ytre delane av fjorden, seier Karen Filbee-Dexter, som leier BlueArc. 

– Allereie no ser vi endringar. 

Kongsfjorden på Svalbard. Isflak ligger på overflaten
Havforskarane har vore på feltarbeid både i 2024 og i 2025. I fjor var dei i Kongsfjorden i mai, då det var 0 grader i vatnet inst i fjorden. I august i år heldt vatnet 5 grader: – Vi dykka under små flak av drivis, seier Karen Filbee-Dexter.
Fotograf: Emma Brette / Roskilde University i Danmark

Kråkebolle-varsku

To lokasjonar i den ytre delen av Kongsfjorden ser ut til å ha vorte beitemarker:

– Her har det vore ei massiv auka i førekomsten av kråkebollar, og dei beitar ned tareskogen, seier havforskaren. 

I Nord-Noreg har kråkebollar allereie skapt ørken av store tareskog-område, men på Svalbard har beiting vore eit lite problem – i alle fall til no. 

– Dette kan vere eit varsku for andre arktiske tareskogar – at den kråkebolleskapte audemarka kan spreie seg nordover. 

Tareskogrestaurering er aktuelt som aldri før. Då Havforskingsinstituttet tidlegare i år leverte første del av sin statusrapport på tareskogar i Noreg og mogelegheitene for å restaurere desse, var det eitt tiltak som peike seg ut som det viktigaste: 

– Det er mykje lettare å forvalte dei friske tareskogane vi har att på ein berekraftig måte, enn å skulle restaurere tareskog som er tapt, sa havforskar Kjell Magnus Norderhaug då. 

Karbonlager

Samstundes som havforskarane granskar samansetninga og endringane i den arktiske tareskogen, har  BlueArc som mål å kvantifisere kor mykje karbon som vert sirkulert og lagra i desse områda. 

Havforskarane har vore på feltarbeid i både 2024 og i 2025, og målt kor mykje taren veks år etter år.

– Dei arktiske tareskogane er overraskande produktive – dei veks like fort som tareskogar i Sør-Noreg og produserer tilsvarande store karbonlager, seier Karen Filbee-Dexter.