Publisert: 05.12.2025
– Det er stort mangfald og mykje liv i Oslofjorden, seier havforskar Alf Ring Kleiven.
– Men det er mykje smått.
Dei siste vekene har havforskarane vore på feltarbeid i Oslofjorden. Der har dei senka ned såkalla stereo-BRUV-ar til fjordbotnen. Dette er videoriggar:
– Desse riggane er som digitale teiner, som er agna for å lokke til seg dyr. Men i staden for å fange dyra, filmar vi dei, seier Kleiven.
Ein feltarbeid-duo har fokusert på grunna – frå 5 til 40 meters djup – på utvalde stasjonar; ein annan har vore på djupna.
Havforskarane samlar data på korleis tilstanden i ulike delar av Oslofjorden er i dag:
– Dette legg grunnlaget for at vi kan følgje med på korleis økosystemet endrar seg etter at forvaltingstiltaka vert innførte.
1. januar 2026 trer ei rekkje fiskeritiltak i kraft i Oslofjorden – mellom anna tre nullfiskeområda i indre deler av fjorden og ved nasjonalparkane i ytre fjord på Færder og Ytre Hvaler.
Ifølgje regjeringa er målet med tiltaka å styrke fiskebestandane og å gje økosystemet i fjorden rom til å hente seg inn att.
For å kunne måle effekten av tiltaka og kartlegge mogelegheitene for langtidsovervaking, samlar havforskarane no ein drøss av data – frå sedimentprøver til muskelbiopsiar frå fisk.
Dei brukar heile spekteret av verktøy frå undervassdronar til akustisk telemetri og strandnottrekk.
Forskarane har nyleg sett ut videoriggar som spionerer på livet på botnen. BRUV-ane har samla inn 300 timar film – både frå alle dei tre nullfiskeområda og kontrollområde.
– Riggane filmar i stereo med to kamera, noko som òg gjer at vi kan måle størrelse på dyra, forklarar Kleiven.
Biletet havforskarane har sett konturane av så langt, stemmer med det forskinga også har teikna opp: det er mykje småfisk.
– Vi har ikkje sett noko til dei større rovfiskane, topp-predatorane, i dei grunnare områda, seier havforskaren og held fram:
– På djupet var det nokre pigghå, skater og større sei.
Tidlegare forsking har synt at kysttorsken slit – bestanden har vorte mindre og torsken har til og med «krympa».
Dei hundrevis av timane med film er endå ikkje analyserte, men til no har ikkje havforskarane sett noko torsk over 20 til 25 centimeter i videoane.
– Kviting er torskefisken vi har sett mest av. Dei kan sjå ut til å trivest i litt mørkare vatn, som i dei meir grumsete delane av Tønsbergfjorden og ved Breiangen utanfor Drøbak, seier Kleiven.
Samstundes husar Oslofjorden ein fascinerande variasjon i habitat, naturtypar og artar.
– Det er ein spennande og mangfaldig fjord – frå frisk tareskog i ytre område til dei vulkanske øyane som ligg som ei kjede innover Oslofjorden, med sitt eige botnhabitat, seier Kleiven og held fram:
– Vidare innover i fjorden kjem vi til eit sjøpung-samfunn som ser ut til å ha hatt eit veldig godt år.