Obduksjon av fisk frå eit tidlegare forsøk i SpiroFri-prosjektet. Foto: Christine Fagerbakke / HI
Publisert: 15.12.2025
– Sjøaure kan bli infisert av parasitten spironucleus salmonicida, men blir ikkje sjuk. Auren kan likevel overføre parasitten til laks, der han forårsakar sjukdom og daude. Sjølv kvittar auren seg ganske raskt med parasitten.
Slik summerer forskar Bjørn Olav Kvamme opp hovudfunna i ein ny rapport frå HI.
Bakgrunnen for forskinga er eit stort utbrot av parasittsjukdomen i oppdrettsanlegg i Finnmark i 2022. Utbrota av spironukleose skjer ikkje ofte, men når dei kjem, er konsekvensane store i form av lidingar for laksen og økonomiske tap for oppdrettarane.
Kostnadane ved det siste utbrotet er rekna til rundt ein milliard kroner.
Spiroparasitten er ufarleg for menneske, men laksen kan bli alvorleg sjuk. Parasitten invaderer ofte tarmen til fisken, og kjem den seg derifrå og ut i blodet, er vegen kort til systemisk spironukleose.
– Frå blodet kan parasitten gå vidare til kva organ som helst; han er funne i auga, i symjeblæra, i hjartet og i hjernen. Den lagar byllar og lesjonar i både indre organ og muskulatur, og i dag finst det ikkje behandling mot sjukdomen, fortel Kvamme.
Sjå også desse sakene:
Millionstøtte til forsking på lakseparasitt
Spironucleus-infeksjoner og Spironucleose hos laks – en kunnskapsoppsummering
Det er ikkje kjend korleis parasitten smitter frå fisk til fisk. Han blir spreidd fritt gjennom vatnet, men andre smittevegar er og mogleg.
– Parasitten finst naturleg i enkelte villfiskartar, og er påvist i mellom anna vill aure og røyr. Derfor har det vore viktig å finne ut meir om kva risiko det er for at desse artane kan vere mellomvertar i smittespreiing. Vi er òg bekymra for spreiing til andre artar, seier Kvamme.
Først blei både laks og aure bada saman med parasittar som var dyrka fram frå det siste utbrotet i Finnmark.
Deretter blei laks og aure frå smittebadet plassert i nye kar saman med høvesvis laks og aure som ikkje hadde vore utsett for parasittar. Forskarane tok blodprøver av fisken etter fire og ni veker, og då det tvungne sambuarskapet var over etter 17 veker, blei fisken slakta og obdusert.
Etter fire veker hadde mellom 70 og 90 prosent av laksen frå smittebadet parasittar i blodet.
– Til samanlikning var svært få av aurane smitta, og ingen av dei blei sjuke. Etter 17 veker var det heller ingen av aurane frå smittebadet som hadde parasitten lenger. Det tyder på at spironukleose ikkje er ein trussel mot denne arten, og at den er ganske resistent, seier Kvamme.
Etter 17 veker hadde derimot fleire av laksane fått både byllar og lesjonar på ulike organ.
– Forsøka viste også at aure både får parasittar frå laks og sjølv overfører parasittar til laks som ikkje er smitta frå før. Det betyr at aure kan fungere som smitteberar i sjø, forklarer forskaren.
Spironukleose vart først påvist i Noreg i 1989, og deretter har det vore fleire utbrot, men med ganske lang tid mellom dei.
– Det er likevel viktig at vi forskar meir på parasitten. Det handlar om å ha ein grunnleggjande kunnskapsberedskap på plass til neste gang han dukkar opp, for det reknar vi med at han gjer med ujamne mellomrom. Vi bør i alle fall skaffe oss betre oversikt over kor han finst og korleis han smittar, seier Kvamme.
Studien er ein del av prosjektet SpiroFri, som er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF).
Samarbeidspartnarar i prosjektet er Nofima, Veterinærinstituttet, PSK v/Erik Sterud, Grieg Seafood ASA, Universitetet i Uppsala og HI.
Egil Karlsbakk m.fl.: «Er sjøaure mottagelig for spironucleus salmonicida – parasitten som kan forårsake systemisk spironukleose i oppdrettslaks?» Rapport fra havforskningen 2025-82