Gå til hovedinnhold

Nordsjøen: Granskar havets minste kraftstasjonar


Kollasj av tre bilder. Det ene viser tre menn som tømmer en planktonhåv på et båtdekk, et annet viser to kvinner som sorterer arter ved et sorteringsbord og et tredje bilder viser et nærbilde av planteplankton

Planktonhåven vert tømd og fangstane sorterte. Nærbilete syner kisealgen Coscinodiscus sp – ein av havets små kraftstasjonar. Denne fangar sollys, produserer oksygen og gir energi til det marine næringsnettet.  

Fotograf: Gayantonia Franzè / Havforskingsinstituttet

Plankton, fiskeegg og -larvar gir ein peikepinn på helsa til Nordsjøen.

– Desse små organismane dannar grunnlaget for det heile det marine næringsnettet. Dei er ein føresetnad for alt frå småfisk til torsk og makrell, seier havforskar Gayantonia Franzè. 

Dei siste to vekene har ho leia det årlege økosystemtoktet i Nordsjøen. Her spelar ein av havets minste bebuarar den største rolla: plankton. 

– Gjennom å spore korleis plankton-samfunn endrar seg med sesongane og klimaet, kan vi oppdage tidlege varselsteikn for fiskepopulasjonar, vasskvalitet og for sjølve karbonsyklusen. 

200 stasjonar på tvers av Nordsjøen

I løpet av toktet granskar havforskarane nesten 200 stasjonar på tvers av Nordsjøen, frå Feie-Shetland i nord til Knude Dyb i sør. 

– Eit av nøkkelområda i løpet av toktet er Norskerenna – ein djup undervassdal som husar unike djupshavsartar, mesopelagisk fisk som laksesild, krill, maneter og store kopepodar. 

Ein grunnane til at Norskerenna er føreslått som ein såkalla SVO, eit særleg verdifullt og sårbart område, er fordi det er så viktig for nettopp plankton og for det særeigne livet på havbotnen.   

I tillegg til planktonprøvene, samlar forskarane også vassprøver og prøver av fiskeegg og -larvar, som del av Havforskingsinstituttet si langvarige overvaking av havet. 

fiskeegg og larvar
Fiskeegg og -larvar vert også granska på toktet. 
Foto: Gayantonia Franzè  / HI

Fiskeegg som flyt med straumen er ei viktig matkjelde, medan fiskelarvar i sine tidlege livsstadium er sårbare for endringar i mat, temperatur og straum: 

– Desse kan difor gi oss viktig informasjon både om helsa til økosystema, men også om korleis det står til i fiskebestandane, seier Franzè. 

Nordsjøhelsa

Dag etter dag, vert planktonhåvar og makrotrålar sleppte over bord. Sakte vert ein CTD – eit instrument med ein krans av rør, som samlar vassprøver – senka ned under overflata. Ein såkalla GULF VII – eit forskingsreiskap, som liknar ein rakett – sopar opp egg og larvar, der han vert trekt bakom båten.  

Kollasj av tre bilder som viser en håv som kommer på dekk, nærbilde av alger og en kvinne som sorterer utstyr
Planktonhåven kjem om bord, og byttene står klare til sorteringa. Seinare vert prøvene bearbeidde på labortoriet om bord. 
Foto: Gayantonia Franzè

– Å overvake plankton er avgjerande for ei berekraftig fiskeriforvaltning og hjelper oss forstå korleis klimaendringar allereie påverkar livet i hava våre, påpeikar havforskaren. 

– Kvar prøve vi analyserer gir oss eit klarare bilde av helsa i Nordsjøen – nokon som kan vere ei rettesnor for å verne både marint liv og kystøkosystem.