Krzystof Gregor fann denne svarte perla i eit kamskjell, og kameraten Raymond Haugland sende bilete til Havforskingsinstituttet. Bilete til høgre er eit illustrasjonsfoto.
Fotograf: Raymond Haugland (etter avtalte), Erling Svensen / HIPublisert: 21.11.2025
Ein fridykkar i Austrheim kommune fekk tidlegare i år ein meir uventa fangst.
Han fann ei svær perle i eit stort kamskjel (Pecten maximus).
Det er sjeldan vare:
– Ein kan opne tusenvis av kamskjel utan å sjå snurten av ei einaste ei, seier havforskar Ellen Sofie Grefsrud.
Men heilt uhøyrt er det ikkje.
Tilbake i 2015, tildelte HI-forskar Øivind Strand ei perle med diameter på ni millimeter den uoffisielle Noregsrekorden for «størst kamskjelperle».
No kuppar nok Austrheim-perla trona: ho er ikkje trillande rund, men måler 30x23 millimeter.
Perla er heilt svart i fargen. Det kjem av at kamskjelet som skapte ho er gammalt:
– Når kamskjelet vert eldre, vert det mørkare. Sidan perler er danna av avleiring frå skal-materialet, vert også perla farga av dette, seier havforskaren.
Stort kamskjel høyrer til klassen muslingar (Bivalvia). Fleire artar i denne klassen kan danne perler. Best kjend er perleøstersane, som stort sett høyrer til tropiske farvatn.
I Europa er elvemuslingane dei mest meritterte perleprodusentane. Desse har vore freda i Noreg sidan 1993.
Men kamskjel og elvemusling (tidlegare kalla elveperlemusling) er ikkje dei einaste, også blåskjel og o-skjel lagar perler.
– Perleproduksjonen er eigentleg ein forsvarsmekanisme, seier Grefsrud.
– Skjelet pakkar inn «rusk» som har kome inn i skalet i perlemor, slik at det ikkje skal irritere. Lag på lag, vert ei perle skapt.