Gå til hovedinnhold

– Konsekvensane av oljesøl kan vere kraftig undervurdert


kollasj av en oljeplattform og mange fiskeegg

– Om klebrige hyseegg kolliderer med oljedropar, kan dropane klistre seg fast og henge ved som «fluger på eit flugepapir», seier havforskar Håvard G. Frøysa. Bilete til høgre syner seks dagar gamle hyseegg, som ikkje er eksponerte for olje.

Fotograf: Jon S. Rønning, Elin Sørhus / Havforskingsinstituttet

Skadelege oljedropar og sårbare fiskeegg kan kollidere i hopetal, viser ny forsking. Følgjene kan vere verre enn frå eksponering for løyst olje.

Oljeuhell er sjeldne, men dei skjer. 

Heilt nye resultat frå Havforskingsinstituttet (HI) viser at følgjene av eit slikt uhell kan vere større enn tidlegare antatt. Ein av risikofaktorane er nemleg kraftig undervurdert: 

– Studien vår viser at ei betydeleg mengd oljedropar vil kunne kollidere med sårbare fiskeegg, noko som det ikkje vert teke omsyn til i dag, seier havforskar Håvard G. Frøysa. 

Tradisjonell risikomodellering vurderer berre effektane av løyst olje. Men oljeuhell fører òg til at mange oljedropar vert sleppte ut – og effektane av desse er ikkje med i risikomodellering. 

No har havforskarane vurdert ei av følgjene oljedropar vil ha på omgjevnadane sine. 

Resultata er publiserte i det anerkjende tidsskriftet Nature communications earth & environment

Havforskingsdirektøren: – Vi må endre måten vi tenker på 

– Dette er viktig ny kunnskap og eit godt eksempel på kvifor vi kontinuerleg må jobbe med korleis vi vurderer risiko, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. 

Dei siste åra har Havforskingsinstituttet vidareutvikla måten forskarane gir råd på, og gått over til scenariobasert rådgjeving. 

– Det er heilt nødvendig i den tida vi no er inne i. Ikkje fordi vi har gitt dårlege råd før, men fordi verda endrar seg raskt. Alt er i spel, vi er inne i ei klimakrise, der klimaendringane påverkar økosystema, samtidig som geopolitiske forhold og samarbeid også har endra seg radikalt på få år. Då må vi også gjere måten vi jobbar på meir dynamisk. 

Dette er eit viktig poeng for havforskingsdirektøren i årets Havtale.

Scenarioet: 90 dagar med oljeutslepp i Lofoten

Frøysa har simulert eit oljesøl sørvest for Lofoten. Dette er nært gyteområda for verdas største bestand av nordaustarktisk hyse. 

sjarker til kai med svært spisst fjell i bakgrunnen
​​​​​​Illustrasjonsfoto: Paolo Cipriani/HI

Det simulerte oljesølet vara i 90 dagar, frå 1. mars til 30. mai 2001 – midt i gytesesongen til hysa. 

– Det er i denne perioden konsekvensane for hyseegg og -larvar ville vore størst, både akutt og i form av misdanningar og seinskadar, seier havforskaren. 

Det modellerte oljeutsleppet vara like lenge som Deepwater Horizon-ulukka, som vert rekna som tidenes største oljeutslepp. I den ferske simuleringa sleppte forskarane ut omtrent halvparten så mykje olje som ulukka. 

På kollisjonskurs 

Havforskarane har utvikla ein algoritme som kalkulerer kollisjonar mellom egg og dropar. Resultata syner at fiskeegga kolliderte med oljedropar gong etter gong i simuleringa.

– Dropar spreier seg langt vidare og dekkjer eit mykje større havområde enn løyst olje for ein gitt grenseverdi. Dei opptrer også generelt i høgare konsentrasjonar, seier Håvard G. Frøysa.

Grafen viser spredningen av oljedroper
Figuren viser konsentrasjon av løyst olje (venstre) og oljedropar (høgre). Verdiane er tidsgjennomsnitt for april månad i simuleringa og  viser maksimumsverdien over alle djup. 
Dei innfelte figurane viser konsentrasjon for djup og breiddegrad (maks over lengdegrad). Utsleppspunktet er vist med kvit firkant. Mørkare farge er mykje høgare verdi.

Både den løyste oljen og oljedropane held seg i dei øvste 50 meterane av vassøyla – og det er også her flesteparten av egga er. Fordi hyseegga er klebrig, kan problemet vedvare: 

– Sjølv om olje og egget skil veg igjen etter kollisjonen, kan oljedropar verte med egget vidare som blindpassasjerar. Slik vert egga eksponerte for olje over lenger tid, seier Frøysa. 

Større risiko enn ein har rekna med

Eit stort oljeutslepp kan dimed ha langt større konsekvensar for fisk i slike tidlege livsfasar enn det ein tidlegare har trudd. 

– I sum viser studien at tradisjonell risikomodellering, der berre løyst olje er med, kraftig undervurderer konsekvensane av oljesøl, seier forskingssjef Frode Vikebø.

Vikebø peikar på at den ferske studien kan bidra til å styrke rammeverket for korleis effektane av oljedropar vert risikovurderte. 

Samtidig understreker han behovet for meir forsking: 

– Vi veit framleis lite om eksakt korleis eksponering frå oljedropar påverkar hyse og andre artar. Det treng vi eksperimentelle studiar for å seie meir om.

Referanse:

Håvard G. Frøysa, Raymond Nepstad, Elin Sørhus, Carey E. Donald, Sonnich Meier, Frode B. Vikebø. Oil droplets are severely overlooked in risk assessmentsNature communications earth & environment

​​​​​​​Denne studien er ein del av ei HI-leia arbeidspakke i forskingsprosjektet SYMBIOSES III, som no er avslutta. Prosjektet var leia av  Akvaplan-niva med Havforskingsinstituttet, SINTEF Ocean, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Oslo som samarbeidspartnarar.