Tarereva vart sette ut i Melkøyssundet i løpet av hausten 2024 og vinteren 2025. Då dei vart inspiserte igjen i mai 2025, omtrent fire månadar etter dei siste reva vart sette ut, var dei fullt tilvekste av tare.
Fotograf: HavforskingsinstituttetPublisert: 23.10.2025
I vinter senka havforskarane ned kunstige rev i Melkøysundet utanfor Hammerfest.
Her, som langs store deler av den nordnorske kysten, er tareskogen beita ned. I fleire tiår har kråkebollar knaska i seg kvar ein kvast, og nesten ingen ny tare rekk vekse til før han vert sett til livs.
No har forskarane dukka under overflata for å sjå om dei kunstige reva har bore frukter:
– Dei var dekte av frodig tare berre fire månadar etter at vi sette ned dei siste kunstige reva, seier havforskar Hans Kristian Strand.
– Dette er rekordtid.
– Artar som vi også haustar av – som kysttorsk, sei og steinbit – har alle god nytte av tareskogen i løpet av livssyklusen, seier Strand.
Reva som er sette ut i Melkøysundet står på omtrent 20 meters djup, og strekker seg 10 til 15 meter oppover i vassøyla. Desse kombinerer teknologi med naturen eiga evne til å reparere seg sjølv.
– Tare vaks tett på alle dei utplasserte reva, og vi såg både torskeyngel og seiyngel i store mengdar rundt strukturane, seier havforskaren.
Dei vil no følgje utviklinga over tid, for å sjå om reva kan fungere som biologiske «hotspots» for både tare og fisk.
I 2024 etterlyste Stortinget ein plan for korleis ein kan restaurere norsk tareskog langs kysten.
Eitt alternativ i nord har vore å bruke brent kalk for å fjerne kråkebollane som et opp skogen. Eit anna har vore å setje ut rovfiskar som steinbit, som et opp kråkebollane.
Andre metodar igjen er retta mot å styrke tareskogen – å setje ut «taregrus», slik at skogen får starthjelp til å vekse, eller å transplantere tare.
– Vi har vist at det er mogeleg å skape ein fullverdig tareskog på berre fire månadar, om reva vert sette ut på rett tidspunkt. Dette kan verte eit nytt verktøy for restaurering av fjordane våre, seier Strand.