– Eg håpar at dei som badar, blir litt blå på leppene neste sommar, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. Foto: Christine Fagerbakke / HI
Publisert: 15.09.2025
Men draumesommaren kom med bismak. På Vestlandet var vi nemleg inne i den kraftigaste marine hetebølgja på minst 30 år. Det viser ferske fakta frå kollega Silvana Gonzalez.
Ei marin hetebølgje er uvanleg høg sjøtemperatur i minst fem dagar. Den i sommar varte ein månad og påverka heile vestlandskysten. Den nådde også «alvorleg» på ein skala der vi før berre har sett «moderat» eller «sterk».
Og Havforskingsinstituttet har aldri målt varmare sjøvatn i Hustadvika, der vi har ein av dei faste stasjonane våre.
Tareskogen kjenner kanskje alvoret best. Han er særleg sårbar for brå og heftige temperaturendringar. Og det som trugar tareskogen, er dårleg nytt for heile økosystemet langs kysten.
Tareskogen er uunnverleg for eit utal artar. Spør berre kysttorsken, som brukar den blå skogen som oppveksttun, kantine og gøymestad. Torsken har problem nok som det er, det veit alle som bur langs kysten.
Er du meir økonomisk orientert, tenk på dette: Verdien det norske samfunn får frå tareskogen kvart år, er sett til omtrent sju milliardar kroner, viser ein ny rapport frå forskarane våre. Det er fordi tareskogen «produserer» fisk, men også fordi han lagrar CO₂, gir oss oksygen og fjernar forureining.
Marine hetebølgjer blir hyppigare og meir intense frametter, sjølv om vi mot alle odds skulle klare å kutte kraftig i klimagassutsleppa. Det viser all vitskap, og det får vi ikkje gjort noko med.
Det vi kan gjere noko med, er å sørgje for at ny menneskeleg aktivitet ikkje gjer vondt verre.
For torsken speler det lita rolle om eit mineralutvinningsprosjekt eller ei havvindutbygging isolert sett har liten påverknad på økosystemet. Det er summen, samla påverknad, som betyr noko.
Då må vi også ha dette i bakhovudet: Fleire og sterkare marine hetebølgjer gjer i seg sjølv at knivseggen økosystema balanserer på, blir smalare. Og det som skjer i havet, heng saman med det som skjer i lufta og på land.
Då eg var liten, var mor mi krystallklar: Steller du i stand ugagn, må du ordne opp etter deg. Det er eit godt prinsipp som også bør gjelde naturen.
Også FN sitt klimapanel, der Havforskingsinstituttet er representert, set no meir fokus på korleis vi menneske kan tilpasse oss endringane som faktisk skjer. Og om kva vi kan gjere godt igjen.
Marine hetebølgjer kan både gi akutte hendingar og forsterke effektane av den underliggande oppvarminga av havet som allereie skjer.
Det første kan til dømes vere skadeleg oppblomstring av algar og eksplosjonsarta vekst av lakselus, som vi såg i Nord-Noreg i fjor. Det siste kan vere fiskebestandar som flyttar på seg fordi temperaturen i vatnet endrar seg.
Når det gjeld tareskogen, er det faktisk mogeleg å plante ny tareskog. Ja, det er ressurskrevjande, men det kan faktisk løne seg – både i kroner og øre og som beredskap. For meir robust natur betyr også meir robuste samfunn.
Eg håpar inst inne at dei som badar i Arnavågen blir litt blå på leppene neste sommar. Men vi må nok jobbe ut frå antakinga om at badevatnet blir varmare enn godt er frametter.