Gå til hovedinnhold

Tema: Klimaeffektar på bestandar


Makrellstim
Fotograf: Erling Svensen / HI

Menneskeskapte klimaendringer har ei blanda påvirknad på bestandane vi hauster av i Nordaust-Atlanteren.

Fiskepress og naturleg klimavariasjon har historisk vore dei eksterne faktorane som har hatt størst innverknad på marine fiskeressursar over heile verda. Med dei aukande verknadane av menneskeskapte klimaendringar, blir denne tredje faktoren ein ekstra hovudårsak til endringar i desse ressursane sin talrikdom og fordeling. Vurdering av klimaendringane sin påverknad på fiskeressursane er derfor viktig for å støtte opp under berekraftig hausting.

Slike vurderingar er ikkje desto mindre komplekse. Forskarar frå Havforskingsinstituttet har brukt ei hybridløysing som kombinerer ekspertutsagn (skåringar) med mekanistiske tilnærmingar for å skissere korleis klimaendringar kan påverke bestandar i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet (Kjesbu et al., 2021).
Denne klimapåverknadsvurderinga består av tre komponentar:

1.    Bestandsoppsummering (livshistorieeigenskapar);
2.    Klimaeksponering (drivarar), og
3.    Integrering av informasjonen frå dei to første punkta for å estimere utviklingsretning, anten negativ, nøytral eller positiv, ved bruk av ein relativ skala.

Kvar bestandsoppsummering inneheld 13 eigenskapar, for eksempel for habitat og kompleksitet i reproduksjonsstrategi. Klimaeksponering består av ni eigenskapar, for eksempel temperatur (ved relevant djupne) og primærproduksjon.
Eit 208-siders vedlegg til denne artikkelen gir ei liste over forkortingar, kart, involverte ekspertar, landingsstatistikk (2018), underliggande klimamodellkøyringar, biofysiske koplingar og bestandsoppsummeringar for kvar av dei 39 bestandane som er vurderte så langt. Vurderinga vil bli oppdatert når kunnskapen om klimaframskrivingar og -effektar har auka ytterlegare.

Artikkelen er publisert med fri tilgang (Open Access) og kan lastast ned her: Highly mixed impacts of near‐future climate change on stock productivity proxies in the North East Atlantic

Kart (klikk for større versjon)

Kart som viser klimapåvirkning på bestander i Nordøst-Atlanteren.
Vurderte bestandar i Nordaust-Atlanteren og deira generelle utviklingsretning som følgje av klimaendringar fram mot 2050 (Kjesbu et al. 2021).

Referanse

Kjesbu, Olav Sigurd, Svein Sundby, Anne B. Sandø, Maud Alix, Solfrid Sætre Hjøllo, Maik Tiedemann, Mette Skern-Mauritzen, Claudia Junge, Maria Fossheim, Cecilie T. Broms, Guldborg Søvik, Fabian Zimmermann, Kjell Nedreaas, Elena Eriksen, Hannes Höffle, Ann Merete Hjelset, Cecilie Kvamme, Yves Reecht, Halvor Knutsen, Asgeir Aglen, Ole Thomas Albert, Erik Berg, Bjarte Bogstad, Caroline Durif, Kim T. Halvorsen, Åge Høines, Carsten Hvingel, Emil Johannesen, Espen Johnsen, Even Moland, Mari S. Myksvoll, Leif Nøttestad, Erik Olsen, Georg Skaret, Jon Egil Skjæraasen, Aril Slotte, Arnved Staby, Erling Kåre Stenevik, Jan Erik Stiansen, Martina H. Stiasny, Jan H. Sundet, Frode Vikebø og Geir Huse. «Highly mixed impacts of near-future climate change on stock productivity proxies in the North East Atlantic.» Fish and Fisheries, Early view (2021). Lenke: https://doi.org/10.1111/faf.12635