Gå til hovedinnhold

ICES gir todelt råd for nordsjøtorsk


Torsk under vann. Hvor mye torsk kan fiskes i Nordsjøen i 2026? Nå har havforskerne sin anbefaling klar.

ICES gjev eit todelt kvoteråd for nordsjøtorsk i 2026. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Begge råda er ein kraftig nedgang frå årets kvote.

Tysdag la Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) fram sitt kvoteråd for nordsjøtorsk for 2026. 

Rådet er todelt: 

Forskarane rår om nullfiske av torsk i Nordsjøen eller at fangstane ikkje skal vere meir enn totalt 12 280 tonn. 

– Det er svært uvanleg at ICES gjev eit slikt todelt råd, men det er krevjande å gje råd for bestandar som blandar seg med kvarandre, seier havforskar Bjarte Bogstad. Han er HI sin representant i ICES.  

Begge dei tilrådde kvotene for 2026 er ein kraftig reduksjon frå årets kvote. 

Tre underbestandar

Bakgrunnen for det todelte rådet er at torsk i Nordsjøen er delt i tre underbestandar. 

Desse gyter på separate felt: Nordvest, sør og «viking» (nordaust). Men utanom gytinga om vinteren, blandar fisken seg og vert fanga om ein annan. 

Dette er det tredje året der torskerådet for Nordsjøen er basert på oppdeling i tre underbestandar. Det har vore krevjande å kome fram til korleis ein skal ta omsyn til bestanden det står dårlegast til med, som er torsken i sørlege Nordsjøen. 

– Med rådet for 2026 opnar ICES for to tilnærmingar til dette.  

All fiske inneber større risiko for sør-bestanden

Dersom ein ser dei tre bestandane under eitt og brukar ei MSY-tilnærming saman med «føre var»-omsyn, bør det vere nullfiske på nordsjøtorsk i 2026. 

MSY står for Maximum Sustainable Yield, på norsk maksimalt langtidsutbytte. Ei MSY-tilnærming handlar om å maksimere langtidsutbyttet frå ein bestand, samtidig som fisket framleis er berekraftig. 

– Dersom ein brukar «føre var»-omsyn berre på den svakare torskebestanden i sør, seier kvoterådet at ein kan fiske opp til 8 670 tonn for nordvest-bestanden, 3 610 tonn for viking-bestanden og 0 tonn for bestanden i sør, seier Bogstad. Totalt blir dette 12 280 tonn. 

Samstundes presiserer ICES at dette vil vere meir risikabelt enn nullfiske:

– Sidan dei tre underbestandane blandar seg og vert fiska saman, vil dette føre til ein høgare risiko for at sør-bestanden vert verande under føre var-grensa. 

Begge råda er lågare enn forventa fangst i år

Kvoten for 2025 er på totalt 25 028 tonn for heile kvoteområdet. Det rommar Nordsjøen, Skagerrak, vest for Skottland og den austlege engelske kanal.  

Samstundes forventar ICES at årets fangstar vil vere endå høgare, nærare bestemt 34 717 tonn inkludert utkast. Dette er lagt til grunn for rådgjevinga.

– Ein fangst på 12 280 tonn vil såleis vere ein reduksjon på 65 prosent frå forventa fangst i 2025, seier Bogstad.

Norsk kvote for 2025 er 3003 tonn. Per 21. september er 1533 tonn av denne fiska.