I 2019 sette Havforskingsinstituttet ut umanna segldroner i Nordsjøen. Desse har gjeve havforskarane nye tobis-innsikter.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HIPublisert: 01.09.2025
I over 100 dagar køyrer to segldronar førehandsbestemte ruter i Nordsjøen heilt åleine.
Dei er sju meter lange med ekkolodd på kjølen, siglar sakte og går uhyre stilt.
Desse let havforskarane spionere på tobisen utan å forstyrre han.
– Fiskane unngår større, tradisjonelle fartøy, noko som hindrar oss frå å sjå den naturlege åtferda deira. Men desse umanna farkostane har ikkje hatt same «skremmeeffekt» på fisken, seier doktorgradsstipendiat Sakura Komiyama.
Dette har gjeve ho eit unikt innblikk i stimåtferda til tobisen.
For første gong kan forskinga påvise at tobisen skyr mellomsjiktet. Dei unngår visse område av vassøyla i jakta etter dyreplankton.
Tobisen – nærare bestemt havsil – er ein særeigen art som held til på sandbotn.
På vinterstid går den vesle torpedoforma fisken i dvale, men i beitesesongen er han aktiv. Det er i desse månadane segldronane har samla data – frå slutten av april til tidleg august 2019.
Då grev tobisen seg ned i sanddynene på nattestid. Skjult frå rovfisk og godt omsveipt kan han spare energi til han sjølv skal på jakt.
Når det lysnar kjem han fram for å beite, i flokk og følgje.
– Ein tobisstim kan bestå av fleire millionar fisk og verte over ein kilometer lange, seier forskingssjef Espen Johnsen, som er bestandsansvarleg for tobis. Det viser tidlegare forsking frå HI.
– Men dei lydlause segldronane let oss sjå stimane med heilt nye auge, seier Komiyama.
Ved hjelp av maskinlæring, har havforskarane klassifisert og følgt 1497 tobisstimar i ekkolodd-dataa frå dei umanna farkostane.
Havforskarane har tidlegare avdekt at ein stor tobisstim fordeler seg i to lag.
– Ein del av stimen held seg i dei frie vassmassene og ein nær botnen, forklarar Komiyama. – Mellom laga er ei smal bru av tobis.
Det kan vere fleire forklaringar bak denne lagdelinga: ho kan vere beitedriven eller ho kan vere ein strategi for å unngå rovfisk.
Tobisen på havbotnen kan halde auge med exit-mogelegheitene om det er fare på ferde, medan tobisen som sym i dei øvre vasslaga ser etter neste måltid.
Mindre stimar har ikkje mogelegheita til å fordele seg både oppe og nede i vassøyla – dei er rett og slett ikkje mange nok. Men også desse skyr mellomdjupna, syner segldronedataa.
Dei umanna farkostane har ei kortare blindsone enn tradisjonelle fartøy, og dei er såleis særleg nyttige for å undersøke den pelagiske delen av tobisstimen gjennom ein heil beitesesong.
– I ekkobilete frå større farkostar ser vi ikkje fiskane som held seg nærare overflata, seier Komiyama.
Og tobisen har ei utprega døgnvandring, viser funna.
– Midt på dagen er tobisen meir i djupna, men ved daggry og skumring held dei seg høgare i vassøyla, forklarar Komiyama.
Dette mønsteret liknar på verdas største massevandring: dyreplankton. Desse går djupare på dagen, der mørket vernar dei mot rovdyr, og trekker mot overflata på natta for å beite.
– Det kan tyde på at tobisstimane gjer som byttet sitt.
Vidare viste resultata at denne døgnvandringa var lenger – både i tid og avstand – i mai enn i juni, noko som kan tyde på at tobisen er «metta» når beitesesongen nærmar seg slutt.
Eit tradisjonelt forskingsfartøy kan berre setje av ein handfull veker i året til kvart enkelt tokt, noko som inneber at ein ser ein kort periode av sesongaktivitetane til fisken.
Dei sjølvgåande dronane kan derimot tøffe rundt i eit lågare tempo over lenger tid.
– Desse mindre sjølvgåande farkostane gjev oss litt færre frekvensar enn ekkolodda på eit fullskala forskingsfartøy, men dei akustiske dataa held høg kvalitet, seier Espen Johnsen. Han er også sentral i HI sitt arbeid med å ta i bruk umanna farkostar til å mengdemåle fiskebestandar.
– Sidan blindsona er kortare, tida for datainnsamling er lenger og vi ikkje har noko «skremmeeffekt», får vi meir informasjon, sjølv med færre ekkolodd-frekvensar.