26 steinkobbar har vorte merkte og har sendt data som syner kor dei dreg.
Fotograf: Carla Freitas / HavforskingsinstituttetPublisert: 27.02.2026
I ein ny studie har forskarane granska sporingsdata frå 26 steinkobbar for å undersøke kor dei oppheld seg.
– Resultata viser at dei ofte flyttar seg mellom forvaltingsområde. Dei fleste selane vil ha reist over ei grense i løpet av dei første 25 dagane etter dei vart merkte, seier havforskar Carla Freitas.
Det kan lage kluss for forvaltinga av bestanden.
I Noreg har fylkeskommunen ansvar for jakt på kystsel. Jakta er kvoteregulert, og jegarar som vil delta må søke fellingsløyve og rapportere om dei tek dyr eller ikkje.
For steinkobbe er jaktsesongen frå 2. januar til 30. april og frå 1. august til 30. september.
Havforskingsinstituttet gjev kvoteråd for berekraftig forvalting av steinkobbar. Til grunn for kvoterådet, ligg eit estimat for kor stor bestanden i kvart fylke er.
Dette estimatet kjem frå årlege teljingar på seinsommaren, medan steinkobbane feller pels på land. I løpet av ein femårig syklus vert heile landet dekt.
Her kan du lese om korleis vi tel sel.
Den ferske studien byggjer på data samla inn mellom 2017 og 2022, då havforskarane merkte 26 selar i Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Østfold.
Steinkobbane fekk kvart sitt GPS-telefonmerke. Dette er GPS-merker med ein innebygd våt/tørr-sensor som registrerer når selen går i land. Merka lagrar også posisjonsdata, dykkeprofil og temperatur. I område med mobildekning, vert dataa sende heim.
– Slik kunne vi følgje steinkobbane og kor dei drog, forklarar havforskar Carla Freitas.
Steinkobbar går i land for å kvile, men òg for å felle hår, for å pare seg og for å kaste, som det heiter når sel føder ungane sine.
Kor lenge merkene sende data varierte frå individ til individ – frå 10 til 178 dagar.
Merka syner at steinkobbane til saman trekte på land 1931 gongar. Oftast la selane seg på land innan 25 kilometer frå der dei først vart merkte.
– Men over halvparten av alle dei merkte steinkobbane la seg i land i andre forvaltingsområde enn der dei opphaveleg vart merkte, seier Freitas.
I jaktsesongen for steinkobbe gjaldt dette 33 prosent av individa forskarane fekk data frå.
Sjå video frå då steinkobbar vart merkte i 2019:
Det har vore mangel på data av denne typen frå Skagerrak.
– Funna våre viser at steinkobbane er grenselause. Dei legg seg ofte i land i ei anna forvaltingseining – anten det er mellom fylkesgrenser i Noreg, eller over landegrensene til Sverige og Danmark, seier havforskaren.
Freitas peikar på at steinkobbane i Skagerrak reiser mellom land med tre forskjellige lovverk, i tillegg til dei fylkesvise skilnadane i forvalting.
Ein sel som vart talt i Agder, kan med andre ord opphalde seg i Østfold når jakta startar. Det kan difor vere manglande samsvar mellom kvote, fordeling og størrelsen på steinkobbepopulasjonane.
– Forvaltingseiningane i den norske delen av Skagerrak speglar ikkje korleis steinkobbane brukar Skagerrak, seier Freitas.
Forskarane arbeider også med ei genetisk kartlegging av steinkobbe-bestandane langs kysten, noko som også kan danne grunnlaget for omdefinerte forvaltingsområde.