Havforskarane rår om at det i 2026 kan føregå kartleggingsfiske i fiskerisona ved Jan Mayen.
Fotograf: Harald Næss / HavforskingsinstituttetPublisert: 15.01.2026
Etter to år med fiskestopp, rår havforskarane om at det igjen vert opna for kartleggingsfiske av torsk i fiskerisona ved Jan Mayen.
Havforskarane rår om at fangsten ikkje overstig 181 tonn.
Kvoterådet er basert på ei føre-var-tilnærming og på fangstmengd i 2021-2023.
– I rådgjeving for torsk ved Jan Mayen lyt ein vege verneomsyn opp mot omsynet til å utnytte ressursen, seier bestandsansvarleg Bjarte Bogstad.
Datagrunnlaget for torsk ved Jan Mayen kjem frå kartleggingsfiske og tidsserien med data er kort. Kartleggingsfiske med line vart gjennomført årleg i perioden 2019-2023.
Havforskarane reknar kartleggingsfiske med same metodikk og liknande omfang som tidlegare som den einaste praktiske måten for å overvake bestanden.
– Kor ofte ein bør gjennomføre eit slikt kartleggingsfiske for å unngå tapt utbytte, er vanskeleg å seie eksakt, men bestanden er såpass langliva at kvart tredje år bør vere tilstrekkeleg.
I tillegg rår forskarane om at det som i tidlegare år vert innført ei avgrensing for bifangst av torsk i blåkveitefisket i fiskerisonen ved Jan Mayen.
Rådet er sendt til Nærings- og fiskeridepartementet.